Jonas Bratlund Mæland (14) snur det å kjeda seg til noko kreativt - no bygger han hus. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Jonas (14) bygger hus i foreldra sin hage

14 år gamle Jonas Bratlund Mæland kjeda seg. Løysinga vart å starta eit byggeprosjekt. 

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Jonas er ved første augeskast som dei fleste andre 14-åringar. Han bur heime hos mor og far, noko mange 14-åringar sikkert tenkjer kan vera passe kjedeleg av og til. 

Det var på ein sånn kjedeleg dag at Jonas kom på at han skulle bygga seg hus. 

– Kvifor ikkje?

I hagen til foreldra i Solbakken reiser det seg no eit uthus som ikkje er som andre uthus. Spanande vindauge og spanande vinklar.

Men det mest spesielle med uthuset er at arkitekt og byggmeister er ein 14-åring.

– Eg hadde ikkje noko å gjera på, og då slo tanken meg; eg byggjer meg eit hus. 

Frå tanke til rydding av plass i hagen tok ikkje lange tida. Før sommaren var Jonas klar med grunnmuren. Etter ferien har uthuset reist seg, og no er målet tett hus til jul. 

Jonas fortel at det ikkje er eit hus-å-bu-i—hus han byggjer, men meir eit uthus, eller verkstad om du vil. 

– Planen er at her ute kan eg driva på med prosjekt og ting eg syslar med. Eg legg opp til straum og vatn, men det er noko som eventuelt kjem på plass etterkvart, seier den unge entrepenøren. 

Vinkla i alle kantar

Jonas innrømmer skamlaust at han ikkje arbeider etter teikningar. Han dreg heller fram ein modell av korleis huset, etter planen, skal bli sjåande ut.

– Eg vart litt overraska over storleiken då vi støypte grunnmuren, men då var det berre å halda fram etter dei måla grunnmuren sette. 

«Vi» i denne samanhengen er Jonas og handlangar og farfar, Arne Mæland. 

– Eg er berre så glad for å få lov til å vera med på dette prosjektet til Jonas, seier Arne. 

I dag er Arne hyra inn til å gå over platearbeidet som Jonas har gjort på veggane. 

Morfaren til Jonas har òg gjeve ei hand på dei tyngste løfta, men i stor grad gjer Jonas alt sjølv. Kanskje difor vert huset sjåande ut slik det gjer òg.

Gløym firkanta «boks-hus» - her er det vinklar som gjeld.

– Firkanta vart for kjedelig, er Jonas sin kjappe kommentar til designet. Men ja, eg har kanskje gjort det litt ekstra vanskeleg for meg sjølv. 

Gjenbruk frå heile bygda

Store delar av huset blir bygd av materialar som har vore i bruk før. Bjelkane kjem frå innmaten i den gamle Irisfabrikken. Flaks at farfar Arne i si tid tok vare på dei. 

– Det er solide greier, kjem det frå Arne.

– Og sabla tunge, legg han kjapt til. 

På terrassen i andre høgda byggjer Jonas seg ein liten terrasse. Og glasrekkverket til terrassen, jo det kjem frå den gongen kafeen på Flåten skulle byggja om. Flaks at farfar har lagra på det i 15 år … 

– Du veit, eg blir jo inspirert av å gå her med Jonas, seier Arne. 

– Eg har lenge planlagd eit mikrohus borte i Solbakkestova, og å få vera med her er ei stor inspirasjon til å endeleg få realisert den draumen. Eg må jo berre tenkja som Jonas; kvifor ikkje?

«Muggosten»

Uthuset er ikkje det første bygge-prosjektet til den unge byggherren. I fjor må han ha hatt opp til fleire kjedeleg dagar, for då bygde Jonas seg ein båt. 

Båten hadde i motsetnad til huset teikningar, men Jonas fortel at kunnskapen rundt båt var lik null då han byrja som skipsverft.

– Eg trudde at flat botn og ingen kjøl var det enklaste å byggja, men fann jo ut at då ville eg fått ein lite manøvrerbar båt. 

Løysinga vart ein båt limt og snikra saman av 10 til 15 modular. Til å driva det heile; ein el-motor.

– Båten vart nesten to meter lang, og ikkje breiare enn knappe 70 cm. 

– Den er litt som ein kano å sitja i, men med nokre lodd i botnen vart det ein stødig og overraskande rask båt, fortel Jonas. 

Og namnet på båten? «Muggosten». Jonas er glad i ost. 

Kreativ året rundt

Jonas fortel at han i liten grad nyttar Google og Youtube for å løysa bygningstekniske utfordringar som dukkar opp. 

– Eg tenkjer ut dei fleste løysingane undervegs, men eg er overraska over kor avvansert det faktisk er å byggja eit hus, og ikkje minst kor mange ord og uttrykk eg lærer undervegs. 

Når farfar Arne skyt inn at dei no faktisk er på leit etter H-panner til nybygget, må artikkelforfattaren totalt melda pass. Jonas er rimeleg sikker på at dei har noko med taket å gjera … 

I 2017 gjekk Jonas berrføtt i fleire månadar, mellom anna på haust-tur til Møsnuken med skulen. 

No om dagen går han frå Solbakken til skulen på Nore Neset. Men ikkje berre til buss-stoppet eller langsmed Lepsøyvegen. Jonas går rake vegen over Liafjellet. Kvar dag.

– Kvifor?

– Fordi eg kan, og fordi det er ein ypparleg moglegheit til å vakna og kvikna til før skuledagen tek til, spesielt om eg har sove litt for lite natta før. 

– Du må jo vera ein drøyme-elev å ha i sløyd, Jonas?!

– Nei, eg har keramikk. 

Fleire saker