Kultur | 27. aug. 2019

Jonatan Brekke i Norske Talenter

I morgon kveld kan du sjå om Jonatan Brekke frå Os kan triksa seg vidare i den tiande sesongen av det populære TV2-programmet.

Jonatan Brekke i Norske Talenter
I morgon kveld kan du sjå om Jonatan Brekke frå Os (t.v) og makkar Marius Digranes frå Bergen gjekk vidare i årets sesong av Norske Talenter. (Foto: TV2)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 27. aug. 2019 13:37

Bildeserie:

Programleiar Solveig Kloppen saman med årets dommarpanel i Norske Talenter. (Foto: Bjørn Wad)
Programleiar Solveig Kloppen saman med årets dommarpanel i Norske Talenter. (Foto: Bjørn Wad)
Jonatan heime på «treningsarenaen» på Hjelle. (Foto: KOG)
Jonatan heime på «treningsarenaen» på Hjelle. (Foto: KOG)
1 av 2
Programleiar Solveig Kloppen saman med årets dommarpanel i Norske Talenter. (Foto: Bjørn Wad)
Jonatan heime på «treningsarenaen» på Hjelle. (Foto: KOG)

Norske Talenter kom måndag i gang med sin tiande sesong på TV2.

Programleiar Solveig Kloppen har saman med dommarpanelet; Mia Gundersen, Bjarne Brøndbo, Janne Formoe og Mona Berntsen, reist Noreg rundt på jakt etter spanande, imponerande og morosame talent.

Eitt av talenta dei traff på er fotball-triksar Jonatan Brekke frå Os, som saman med treningskompis Marius Digranes frå Bergen ville imponera dommarane med heftige balltriks.

Gjorde opptaka i april

– Vi gjorde faktisk opptaka heilt tilbake i april, fortel Brekke. Det heile gjekk føre seg på eit hotell på Sandsli.

Brekke fortel vidare at han har trent mykje saman med Digranes dei tre siste åra.

– Vi melde oss på saman, og tanken bak det heile var at dette kunne vera ein god plass å visa seg fram på.

Hadde gjort seg med ein halv million

Brekke fortalde til Midtsiden i september 2018 at han hadde som mål å bli verdsmeister.

– Fleire av dei eg har konkurrert mot har dette som jobb. Nett no kunne eg trengt nokre sponsorar, sånn at eg kunne hatt ein reisekasse å ta av, sa han då.

Brekke er faktisk ikkje heilt sikker på kva premien til vinnaren av årets sesong er, men han meiner å ha høyrt at det tidlegare har vore snakk om 500.000 kroner.

– Ja, ein slik sum hadde kome godt med, er den ærlege kommentaren til målet om å bli vinnaren av årets sesong.

– Kan du fortelja noko om korleis det gjekk på scenen for deg og Digranes? Kva for kommentarar fekk de av dommarane?

– Nei, eg har ikkje lov til å seia noko, men sjå på TV2 i morgon kveld så får de veta, svarar Brekke løyndomsfullt.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.