Sport | 30. mai 2016

Jonn Borgen vann med to hestar

– Det er mange år sidan sist eg var med på liknande, seier Jonn Borgen etter ein svært god laurdag på Bergen Travpark.

Jonn Borgen vann med to hestar
Cecilie Breivik med Kuven Tøtto og John Borgen med Kuven Storm. John køyrde begge inn til siger på laurdag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. mai 2016 07:39

Kusk Jonn Borgen køyrde laurdag inn til siger med både «Kuven Tøtto» og «Kuven Storm».

– Det har vore fleire sigrar til hestar frå Os Travklubb i år, men det er over ti år sidan eg sjølv var med på å vinna med to hestar på same dag, seier Borgen.

Han vann begge dei 2100 meter lange løpa (1000 meter per runde) med ei hestelengd.

Kuven Tøtto køyrde inn 12.000 kroner, Kuven Storm deltok i 3-årsserien og fekk 24.000 kroner for førsteplassen.

Har stor tru på Storm

Jonn er eigar av den talentfulle 3-åringen «Kuven Storm» mens «Kuven Tøtto» er eigd av Bente Borgen og dottera Cecilie Breivik.

– Tøtto har berre deltatt i 4-5 løp før og dette er hennar første siger.

– Ho gjekk litt hardt ut i første løp, det gjeld å porsjonera kreftene heilt inn. Men vi har hatt ho nede hos Lars Tore Hauge på Haukeland og han har fått ho veldig bra til.

Kuven Storm deltok laurdag i sitt første løp, som altså enda med siger.

– Eg har hatt han i nokre mønstringsløp for 2-åringar og i ett prøveløp og kjente at vi har noko på gang. Vi har hatt 30-40 hestar og Storm er laga på 4. generasjonshoppe frå Kuven, men eg har aldri vore med på noko så lovande som Kuven Storm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.