Jordal tilbake for fullt
Nore Neset vann, Søfteland tapte og Lysekloster tok full pott med begge lag, der unge Johannes Jordal var banens beste for førstelaget.
Fleire av herrelaga i Os har spelt heimekampar i helga.
Her er resultata:
Os - Avaldsnes 2-3 (3. div)
Lysekloster - Valestrand Hjellvik 4-1 (4. div)
Nore Neset - Morvik 4-1 (6. div)
Lysekloster 2 - Libido 4-0 (6. div)
Samnanger - Søfteland 4-3 (6. div)
4. divisjonslaga Os 2 og Søre Neset har ikkje spelt i helga, men Søre Neset tar imot NHH 2 i kveld (kl 19.30).
Årsbeste mot Valestrand Hjellvik
Lysekloster held seg på topp av 4. divisjonsavdelinga si etter sigeren over Valestrand Hjellvik laurdag.
– Førsteomgangen var årsbeste. Valestrand Hjellvik er knallsterke, men vi kjørte over dei med raskt pasningsspel, god kommunikasjon mellom spelarane og høg aggressivitet i gjenvinningsfasen, fortel trenar Ørjan Sandal.
Den siste veka har Lysekloster blitt trent av spanske fotballskule-intruktørar.
– Det er grenser for kva du kan drilla på i løpet av ei veke, men vikartrenarane har nok vore ein frisk pust og en god motivasjonsfaktor for gutane.
Jordal var banens beste
Lysekloster slit med ein del skadar i stallen, blant anna armbrot og lyskestrekk hos sentrale spelarar, men har breidde nok til å vinna med til saman 9-1 med dei to laga.
– Juniorane viser seg som sterke med andrelaget og yngstemann Johannes Jordal (18), som i helga var tilbake etter å ha vore skadd i haust, storspelte mot Valestrand Hjellvik.
Lysekloster leia 2-0 til pause og 3-0 før gjestane reduserte.
Målskårarar: Baste Jonassen, Øyvind Olsen, Kim Krogsethagen og Torbjørn Birkelund
– Johannes er veldig god med ball og han har ein fantastisk pasningsfot. Han har også leiareigenskapar, det gjeld berre å bruka dei, seier Sandal.