Musikk | 21. okt. 2022

Josefine på heimebane med Twisted Days

Gitaristen frå Strøno speler på Os i morgon.

Josefine på heimebane med Twisted Days
TRE KVINNER OG TRE MENN: Josefine Hanse Bø frå Os er nummer to frå venstre. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2022 15:56

Etter Øyafest i august fortalte Josefine Lunde Hansen Bø, som spelte på festivalen saman med barndomsvenninna Martine Frotveit Johnsen, at ho hadde plan om ein spelejobb til i Os - på Elvehuset - i oktober.

Men då saman med bergensbandet ho er del av.

Bandet heiter Twisted Days.

Les ògBarndoms-venninnene fann tilbake til kvarandre via musikken

«Kan noen gi dette bandet en kontrakt? Eneste forskjell mellom Donkeyboys og Twisted Days er at sistnevnte er bedre, har en røffere stil og en bedre vokal» skreiv Åsane Tidende i mars i fjor.

I vår tok Twisted Days 3. plass i Eggstokk-finalen i Bergen. Der vann dei både publikumsprisen og årets vokalist.

– Det er heilt vilt å sjå kor langt vi har kome på berre eitt år, sa pianist Tyra Fosheim Eide til BA i august i år.

Twisted Days består av Marthe Padøy (vokal), Josefine Bø (gitar og kor), Tyra Fosheim (keyboard og kor), Kristian Selbak (lead gitar og kor), Cata Staicu (bass) og Filip Unneland (trommer).

Laurdag speler dei på Elvehuset i Os sentrum.

Med seg har dei popbandet Astroturf, også dei frå Bergen.

Astroturf består av Susanne Hemnes (vokal), Alvin H. Gusfre (gitar), Ivan Tokheim (gitar), Amina Akkouche (bass) og Henrik Solheim (trommer).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.