Sport | 28. aug. 2013

Jubel i Chamonix

Ny ultra-triumf: I går sjekka han målområdet, i kveld fekk Thomas Andersen verkeleg noko å strekka hendene i vêret for.

Jubel i Chamonix
Thomas Andersen i Chamonix tysdag kveld. Onsdag kveld sprang han i mål til imponerande plassering i Ultra Trail du Mont Blanc. (Privat bilde, foto: Lisbeth Moberg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. aug. 2013 21:22

Salomon-løpar Thomas Andersen har i dag deltatt i det 119 km lange ultraløpet TDS (Sur les Traces des Ducs de Savoie), eit av fire løp i The North Face Ultra-Trail du Mont Blanc.

Løpet gjekk frå den italienske småbyen Courmayeur over ei rekkje fjelltoppar som ligg ved Mont Blanc til mål i den franske skidestinasjonen Chamonix.

– Der kom førstemann i mål og det koker i Chamonix. Thomas får seg litt av ei oppleving når han kjem i mål, sa sambuar og "støtteapparat" Lisbeth Moberg på tekstmelding til Midtsiden i 22.30-tida.

Klokka 23:17 i kveld sprang Thomas i mål på tida 16:17 og hamna på ein fantastisk 7. plass.

Thomas kom på 5. plass i sin klasse, herrar senior.

På pallen

Trass i at sommaren og VM blei prega av jernmangel, og at løpet er over 3 km lengre i år enn i fjor, er tida til Thomas over 40 minutt betre enn i 2012.

Les òg: Klar for 7000 høgdemeter

I fjor sprang Andersen i mål på 17:02:55 og hamna på på 11. plass av 1.400 (!) førehandskvalifiserte løparar.

I år var løypa cirka 4 kilometer lengre og Thomas hadde som målsetnad å koma på topp 10, noko som kvalifiserer til plass på pallen.

Plukka fleire plassar

Thomas låg på 13. plass etter 62 km, men sprang seg gradvis tettare på teten.

Det blei ein jamn spurt mot mål dei siste 10-20 kilometrane

13 km før mål låg han på 8. plass, 6 minutt bak 7. plass, 1 minutt framfor 9. plass.

Då det var 8 km igjen hadde han klatra til 7. plass og låg 10 minutt bak 6. plass og 11 minutt framfor 8. plass. Ved målgang hadde han tatt inn eitt minutt på deltakaren framfor.

Arnaud Julia Bonmati frå Spania vann løpet på tida 15:10.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.