Kultur | 12. okt. 2011

Jubel for Jon

Jon Hægland blei ikkje kåra til årets nykomar, men fekk likevel fullt utbyte av Humorfestivalen.

Jubel for Jon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. okt. 2011 20:44

Osingen Jon Hægland, som byrja med standup i Bergen i mars 2010, var ein av dei nominerte til prisen for beste nykomar under Humorfestivalen i Stavanger i helga.

– Merk deg namnet Lars Berrum. Då eg såg at han var i slag så senka eg skuldrene, eg forsto at det ikkje var håp om å vinna så det var berre til å gå på scenen og kjøra mitt opplegg utan å føla press til å kviva seg til ein siger, seier Jon.

Les òg:
Ein god skøyar

Hægland seier Berrum er eit unikum, eit ungt standuptalent det i Noreg går tiår mellom kvar gong ein opplever.

Nest beste?

Sjølv er Hægland strålande nøgd med både eigen prestasjon og tilbakemeldingane han fekk på det seks minutt lange settet.

– Nivået var høgt, men eg fekk høyra frå ein som var involvert i arrangementet at juryen hadde meg som best runner up.

Fekk skryt av Torkelsen

Både vinnaren Berrum og jurymedlemmet, humorlegenda Per Inge Torkelsen, kom med lovord til osingen etter showet.

– Eg var sjølv veldig nøgd med settet, det er nok det beste eg har gjort. Då er det kjekt når Torkelsen kjem og seier han synes eg var noko av det mest ekte og ærlege han har sett.

Døropnar

Hægland satsar på å koma på standupscenane utanfor Bergen, og har allereie bestilling frå Ålesund.

– Det var ein bra scene og godt publikum i kjellaren på den tidlegare homseklubben Kafé Sting. Etter showet fekk eg invitasjon til å gjera ein jobb i Oslo, så no blir det nok både Ålesund og Oslo før eg er på scenen på Rick's i Bergen igjen.

The joke is on me ...

Jon fortel om fleire morosame kveldar i Stavanger, frå fight-dub der komikarane på strak arm skal dubba filmklipp, til show med standupartistar frå Bergen på Folken, som oppvarming til headlineren frå New Zealand.

– Jarred var knallgod! Men eg visste at Jarred var ivrig med å bruka publikum, og var uheldig som hamna på eit sete nær scenen.

– Då eg skulle ut og kjøpa øl gjorde han narr av meg heile vegen ut og hadde eit stunt i vente då eg kom inn igjen.

Jon sette seg ned og komikaren spurte salen om ikkje alle som ung hadde smaka på sitt eige «wee-wee». Alle i salen (godt instruert medan Jon var ute), rakk handa i vêret i ein fei. Som rein refleks gjorde Jon det same, og i sekundet han tok handa opp tok dei andre den ned.

– Eg blei dusten igjen, men det var heilt OK, ler Jon, som også når han sjølv står på scenen ofte er offeret for vitsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.