Jubileum og fridagar i 2016

Kva skjedde for 100 år sidan, kva firma i Os fyller 25 år i år, kor tid har skulane fri og kva vekedag er 17. mai?

Nordlys sett frå Nordstrøno veka før jul. (Foto: Petter Straume)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. jan. 2016 09:55

Bildeserie:

Nordlys sett frå Nordstrøno. (Foto: Petter Straume)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nordlys sett frå Nordstrøno. (Foto: Petter Straume)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
1 av 7
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nyttårsbukkar i Os torsdag. (Foto: KVB)
Nordlys sett frå Nordstrøno. (Foto: Petter Straume)

(Nordlys-bildet over er tatt av fersk hobbyfotograf Petter Straume frå Nordstrøno. Han kjøpte seg kamera før han neste veke skal på langtur i Sør-Amerika. Bildeserien viser nokre av nytårsbukkane i Os torsdag kveld).

2015 blei eit år med BT som ny medeigar og over 83 prosent vekst i lesarar for Midtsiden.

I 2016 ser vi, med utvida stall, fram til å følgja livet i Os saman med deg! Ivrige og engasjerte lesarar og tipsarar har i alle år vore med på å gjera Midtsiden betre.

Her er nokre tal og datoar for 2016.

Skulen og fridagane

I år er vinterferien slått saman med påskeferien.
• siste skuledag før vinter- og påskeferie: fredag 18. mars
• første skuledag etter vinter- og påskeferie: måndag 4. april
• siste skuldeag før sommarferien: tysdag 20. juni

I mai er det fleire fridagar:
• 1. mai kjem på ein søndag og gir ingen ekstra fridag
• Kristi himmelfartsdag er torsdag 5. mai, etterfølgt av planleggingsdag fredag 6. mai
• 17. mai er på ein tysdag, med 2. pinsedag 16. mai blir det langhelg

Runde dagar og jubileum

Firma i Os som har 25-årsjubileum (omsetnad 2014 i parantes):
(ifølgje stiftelsesdato, selskapa kan ha vore i drift lengre)
Gc Rieber Compact AS (76,2 mill)
i Bjørø Kobber & Blikk AS (5,6 mill)
Os Asvo AS (13,5 mill)
Sperrevik Anleggservice 10,4 mill)

Vi fann ingen firma i Os med 50-, 75- eller 100-årsjubileum i år. Veit du om nokon? Tips oss!

Eit utval av firma i Os som fyller 10 år i år (omsetnad 2014 i parantes):
(ifølgje stiftelsesdato, selskapa kan ha vore i drift lengre)
Bøe & Lepsøy Utbygging AS (80,7 mill)
Dales Rederi AS (33,3 mill)
Hargun Havfiske AS (48 mill)
Inge Hjelle Entreprenørforretning AS (20,3 mill)
Nordstraumen Utbyggingsselskap AS (9,5 mill)
Norør Butikken AS (3,5 mill)
Osbadet (stifta i 2005, i drift frå 2006)
Osbuss AS (19,6 mill)
Prosjekt Vest Bygg AS (36 mill)
Rallaren Eiendom AS (20,6 mill)
Rørleggermester Stig E. Nilsen AS (10,3 mill)
Sh Holding AS (Solstrand, 113,4 mill)
Søgnen Eiendom AS (7,2 mill)
Terje Hegdal Transport AS (4,8 mill)
Tyrlanna AS (Bøe & Lepsøy-eigar, 333,8 mill)

I år er det 100 år sidan ...

• Albert Einstein publiserte relativitetsteorien
• Paris blei bomba av Tyskland for første gong (29/1, første verdskrig)
• Kirk Douglas blei fødd. Kirk lever framleis og den kjente skodespelaren (som blir kalla verdas eldste bloggar) kan feira 100-årsdagen sin 9. desember.

• Nobelprisvinnarar (berre utdelt i litteratur) i 1916 – Carl Gustaf Verner von Heidenstam
• Fotballklubben Glimt blei stifta. SKifta seinare namn til Fotballklubben Bodø/Glimt.• Vard Haugesund blei stiftet.
• Frigg blei noregsmeister i fotball etter å ha slått Ørn-Horten 2-0 i finalen.

50 år sidan ...

• John Lennon seier at «vi (The Beatles) er mer populære enn Jesus».
• 3. januar – Trikken i Bergen blir lagt ned.
• 9. juni – Esso får løyve til oljeboring i Nordsjøen
• 17. juni – Stortinget vedtar lov om folketrygd.
• 19. juli – Norsk oljeboring byrja i Nordsjøen.
• 11. oktober – Jens Bjørneboe si bok «Uten en tråd» blir beslaglagt av politiet

• 30. juli – VM i fotball 1966: England blir verdensmester i fotball.
• Liverpool FC blir engelsk seriemester.
• Fredrikstad blir noregsmeister (cupmester) i fotball etter å ha slått Lyn 3-2 i finalen.
• Skeid blir seriemeister i fotball.

• Ike & Tina Turner gir ut albumet River Deep - Mountain High
• 5. august – The Beatles slipper albumet Revolver
• Black Sabbath blir dannet i Birmingham, England.
• Åse Kleveland får tredjeplass i Eurovision Song Contest med «Intet er nytt under solen».

Desse kjendisane blir 50 år i år:
Harald Eia (9/2), Cindy Crawford (20/2), Teddy Sheringham (2/4), Jan Boklöv (14/4), Finn Christian Jagge (4/4), Janet Jackson (16/5), Eric Cantona (24/5), Mike Tyson (30/5), Carola Häggkvist (8/9), David Cameron (9/10), Trond Giske (7/11) og Kiefer Sutherland (21/12).

Nobelprismottakarar i 1966:
Fysikk – Alfred Kastler
Kjemi – Robert S. Mulliken
Medisin – Peyton Rous, Charles B. Huggins
Litteratur – Shmuel Yosef Agnon, Nelly Sachs
Fred – Ingen pris blei utdelt

Kjelder: Wikipedia, snl.no, purehelp.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.