Kultur | 20. juli 2015

Jublar over nytt løyve

Catten får skjenka ute under Osfest.

Jublar over nytt løyve
Her skal Bjarte Andersen rigga telt under Osfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. juli 2015 21:17

Bildeserie:

Vått og intimt - sånn såg Catten sitt telt under Osfest ut i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vått og intimt - sånn såg Catten sitt telt under Osfest ut i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 1
Vått og intimt - sånn såg Catten sitt telt under Osfest ut i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Catten Nightclub får, som i fjor, skjenka utandørs under Osfest 31. juli og 1. august.

– I fjor fekk vi ikkje lov til å rigga telt rett utanfor, vi måtte bort på Baronsplassen.

– Dette er meir praktisk både for oss og for gjestane. No slepp dei blant anna å gå over halve Osøyro for å koma til toalettet, seier innehavar Bjarte Andersen.

God respons i regnet i fjor

Osfest, som var ny festival i fjor, fekk som kjent ein svært våt debut.

Likevel var det bra med gjestar, også inne og ute hos Catten.

– Vi hadde fullt hus heile helga, også i teltet.

I år set han opp 12 x 5 meter rett utanfor inngangsdøra.

Levande musikk

Også hos Catten blir det levande musikk både innandørs og utandørs.

– Vi har som vanleg pianobar inne, utandørs blir det piano eller trubadur. Vi kjem nok til å opna i teltet på ettermiddagen, i 17-18-tida, og har løyve til å skjenka til klokka 3 om natta også ute.

Det blir sperra av for kontroll, men gratis inngang. Aldersgrensa blir 20 år både i teltet og på nattklubben.

Osfest ligg langt framfor fjoråret når det kjem til billettsal. Elg, Morten Abel og Kurt Nilsen er blant årets artistar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.