Kultur | 30. apr. 2009

Jublar over Vårslepp-vêr

Etter ein dag med aktivitetar og utstillingar går Turbostipend og deLillos på utandørs-scenen i Os sentrum. Arrangørane jublar over god start på billettsalet og lovande langtidsvarsel.

Jublar over Vårslepp-vêr
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. apr. 2009 08:23

Bildeserie:

1 av 5

Det nærmar seg Vårslepp, tilbake til opprinneleg dato andre helga i mai, og tilbake med tivoli på programmet.

- Vi har også ein del nytt, som aktivitetstelt for ungar, med verkstad, sykkelritt for ungar og ponniriding på Kyrkjeflaten, fortel leiar for Os Sentrumsforening, Renate Iversen Sundberg.

- I tillegg til ansiktmaling, ballongklovnar, hoppeslott og andre ting som høyrer med til Vårsleppet, legg ho til.

Tivoliet blir rigga opp onsdag ettermiddag og har ope frå torsdag til sundag neste veke. Sjølve Vårsleppet er laurdagen.

Bil og båt
Også motorfokuset er delvis tilbake, sjølv om Vårsleppe for første gong er utan vassjetkjøring.

- Vi får nokre fine utstillingar, både på sjø og land. Argos Båtsenter kjem med tre store båtar og ein rask skjergardsjeep, og Os Skysslag stiller ut fleire flotte veteranbilar.

Stor sommarfest
Hos Opus Café & Bar, som har skjenkinga under konsertane, trur dei Vårsleppet også i år blir ein stor og fin sommarfest.

- Sidan kapasiteten er stor er det kvart år slik at dei fleste kjøper billettar tett opp mot konserten, eller i døra. Og kvart år kjem det over 1000 på konsert. I år har billettsalet starta bra, med fleire hundre billettar selt allereie, seier Espen og barsjefen Silja.

Ifølgje yr.no sitt langtidsvarsel for Osøyro skal det regna fleire dagar neste veke, men skina skikkeleg opp fredag. Å varsla vêret har den siste tida sett ut som om har vore ei vanskeleg oppgåve, men førebels ser det lovande ut for Vårsleppet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.