Kultur | 25. nov. 2009

Jul i Solbakken

Torsdag kveld opnar årets juleutstilling i Solbakkestova, med fire kunstnarar frå Os.

Jul i Solbakken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2009 22:52

Bildeserie:

1 av 5

- Då vi starta med juleutstilling igjen i fjor var det lenge sidan sist. Utstillinga med gjestekunstnar Augon Johnsen, som blant anna er kjent som Varg Veum-illustratør, var vellukka, seier Vidar Bratlund Mæland.

Torsdag kveld opnar Vidar og kunstnarpappa Arne ny utstilling. Eigen kunst er tatt av veggane og ertatta med ferskare produksjonar av far og son.

- Hos far har det gått i blått i haust, ein del landskap fritt etter minne frå ein tur nordover med Hurtigruten, fortel Vidar.

Sjølv har han ikkje heilt bestemt kva han skal stilla ut til jul, men ein del i kjent stil, med hav, vinter og kvinner blir det nok.

Nerdrum-elev med ferske portrett
Bjørn Johannes Meidel Hansen var i vår på hospitering heime hos kunstnar Odd Nerdrum i Stavern. Her blei det gjort på gamlemåten, der Bjørn var med på alt frå å strekka lerret til å blanda grunning. Han fekk også mala sjølv.

- De viktigaste med opphaldet var å sjå Nerdrum i arbeid, det var ei lærerik og spesiell oppleving, seier Bjørn, som også seinare har besøkt Nerdrum under ei utstilling.

Han fortel at det var musikar og kunstnar Anne Lise Gjøstøl som på eit kurs under Skulptursymposiet i Os i 2003 fekk han inn på det sporet han framleis malar i. Gjøstøl er utdanna i New York og har som Bjørn vore på opplæring hos Nerdrum.

- Det blir ein del portrett, både av kjente folk og for privatpersonar. Men sidan eg jobbar i Nordsjøen ved siden av blir det ikkje så veldig stor produksjon.

Travel Sirevåg
Frode Sirevåg er fersk som kunstnar, men har hatt ein travel og god start på si kreative karriere. Frå utstilling på Bjørnefjorden Gjestetun i vår, Visningssenteret i Os i sommar til utstilling på Bekkjarvik og Kwani i Fjell kommune.

- No har eg nokre heilt nye bilde, i ny stil, å stilla ut, fortel Frode, som nyleg flytta inn i nytt atelier i Buggegården i Os sentrum.

Torsdag kveld klokka 20 opnar dei fire kunstnarane årets juleutstilling i Solbakkestova. Galleriet er ope laurdagar og sundagar fram til jul.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.