Lokal | 30. okt. 2019

Jul og vinter hos Vedholmen

På laurdag opnar den tiande - og årets siste utstilling på Vedholmen Galleri.

Jul og vinter hos Vedholmen
På laurdag opnar jule- og vinterutstillinga til Vedholmen Galleri. (Pressefoto) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 30. okt. 2019 08:47

Dagleg leiar ved Vedholmen Galleri, Vibeke Harild fortel at årets siste utstilling vil vera ei «kollektiv vinter og juleutstilling».

– Vi er særdeles kry over å kunne visa nye arbeid frå våre profesjonelle kunstnarar.

Harild fortel at utstillinga kjem til å bli fylt på og endra undervegs i opningsperioden.

– Vi har med 20 av galleriets om lag 40 kunstnarar på denne utstillinga, og dei vil stilla ut keramikk, grafikk, maleri, glas og skulptur.

Desse kunstnarane er med på utstillinga:

KERAMIKK/SKULPTUR/DESIGN: Sarah Reed, Birgit Bruhl, Kjersti Olsen, Livio Lilli, Peter Marron, Vibeke Harild

GRAFIKK: Erling Valtyrson, Henriette Finne, Eva Harr, Jan Harr, Gro Mukta Holter, Rino Larsen, Anne Kristin Hagesæther, Christopher Rådlund

MALERI: Line Hvoslef, Jan Erik Willgohs, Siren Blytt, Henriette Finne, Henriette Hagelien, Leif Nyland, Cecilie Galtung Døsvig, Astrid Drageset

GLASS: Tuva Gonsholt

MOBILE SKULPTUR: Reinhard Haverkamp

Utstillinga står fram til 15. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.