Lokal | 25. nov. 2020

Jula på Osøyro: Lager lysande juleskog på Kyrkjeflaten

Frå fredag kan du vandra i ny allé for å få julestemning.

Jula på Osøyro: Lager lysande juleskog på Kyrkjeflaten
Over 20 juletre skal utgjera ein tunell av ein ny juletreskog på Kyrkjeflaten frå fredag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2020 09:46

Julemarknadsdagen, som dei siste åra har samla nærmare tusen publikummarar til julestund i Borgstova, kan ikkje arrangerast i denne smittevernvenlege førjulstida.

Kultureininga i Bjørnafjorden kommune prøver å skapa ekstra julestemning på ein annan måte.

Mellom stien på Kyrkjeflaten og Postvegen, der det er nokre tre frå før, skal dei laga ein juletreskog dekorert med både lys og pynt, med ein postkasse som dei yngste kan senda brev til Julenissen.

– Vi bestemte oss allereie i august for å laga noko smittevernvenleg, så fekk vi heller snu oss rundt og følgja fjorårets oppskrift om det blei opna for dette, seier Stine Kobbeltvedt i kultureininga.

Det alternative opplegget blei gjeldande.

– Vi har fått over 20 julegraner av Helge Bøe, og skal no setja desse opp i ein dekorativ «tunell». Målet er å skapa litt magi.

– Vi håper denne juletreskogen kan bli ein kjekk stad å besøka i heile førjulstida. Saman med julegrana på torget, julekrybbeutstillinga i Tunet, i vindauge ut mot Kyrkjeflaten, og peparkakebygda i Baronsgården (tidlegare Tojo Frisør), prøver vi å skapa litt ekstra julestemning på Øyro.

Her blir årets peparkakebygd - synleg gjennom glaset frå fredag. (Foto: KOG)
Her blir årets peparkakebygd - synleg gjennom glaset frå fredag. (Foto: KOG)

Digital julegrantenning til hemmeleg tidspunkt

Laurdag blei julegrana på Amfisenteret tent, måndag kom grana i Os sentrum på plass.

– Det blir ikkje ei løysing med publikum i bil i sentrum. Vi vil heller publisera ein video på sosiale media av at vi tenner grana, seier Stine.

Ho vil ikkje ut med tidspunkt på kor tid grana skal tennast, men fredag ettermiddag skal grana vera tent, peparkakebygda avduka og juletreskogen stå ferdig.

Kultureininga er i julekomité med kyrkja, KIOS, sentrumsforeninga og kulturskulen.

Kunstvandring og søndagsope

Os Sentrumsforening har pynta ekstra på Øyro, blant anna med jultre langs baldakinane.

– Det var eit flott initiativ som blei gjennomført på dugnad av butikkdrivarane, seier Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

Dei legg opp til langope dei siste vekene før jul, og søndagsope dei tre siste før julaftan.

5. desember er det «advendtslaurdag», 4. og 8 . desember er det opning av utstillingar i Vognhallen.

Kunstnarar i samarbeid gjentar suksessen frå i fjor med kunstløype. Frå 11. til 13. desember kan du vandra mellom fleire opne kunstutstillingar i og utanfor sentrum - frå Solbakkestova via Oseana til Vognhallen og fleire galleri i sentrum.

Også Øyro er pynta litt ekstra i år. (Foto: KVB)
Også Øyro er pynta litt ekstra i år. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.