Lokal | 26. nov. 2012

Julegate med pepar-utstilling

Fredag kveld er det fakkeltog og julegateopning i Os. Då blir det også opning av peparkakeutstilling i tre lokale i Os sentrum.

Julegate med pepar-utstilling
I Drageset Varehus kjem ei av dei tre peparkakeutstillingane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. nov. 2012 08:54

Fire år etter at Os lagde peparkakebygd i Vindu mot Fjorden har Os Sentrumsforening igjen invitert barnehagar til å baka.

Før jul i 2008 inviterte Os Sentrumsforening og Os Turn Fotball til peparkakebygd i Vindu mot Fjorden. Barnehagar og privatpersonar – til og med ordføraren stilte med bakverk, sistnemnte med modell av Oseana.

– Dette er tydelegvis noko osingane har sakna for eg har høyrt ein del om denne peparkakebygda etter at eg byrja å jobba i Os, seier Geir Amundsen i Os Sentrumsforening.

– Men i år blir det ikkje ein liten by, det blei ei utstilling i ulike vindauge i Os.

9 barnehagar i 3 vindauge

I år kjem peparkakeutstillinga i tre store vindauge på gateplan i Os sentrum.

– Vi bygger utstilling i Drageset Varehus-bygningen, til høgre for inngangen til Joker, på Oshjørnet og i Bakketeig sitt lokale i Landboden, mellom Oshjørnet og rørleggarane.

Ni barnehagar og nokre privatpersonar kjem med bidrag.

– Det var stor velvilje då vi inviterte til baking og eg er spent på kva bygningar barnehagane kjem med, seier Amundsen.

Peparkakeutstillinga blir opna etter fakkeltog (oppmøte ved Vindu mot Fjorden kl 17.45) og julegrantenning i Os sentrum fredag 30. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.