Lokal | 11. des. 2020

Julegavehjelp: Tar initiativ til stort spleiselag

I fem dagar vil AMFI Os og Os Fotball vil samla inn pengar og gåveønskjer.

Julegavehjelp: Tar initiativ til stort spleiselag
F.v.: Siri Ann, Hanne, Zsolt og Rune då dei i dag lanserte «Julegavehjelp i Bjørnafjorden». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. des. 2020 10:15

AMFI Os og Os Fotball har saman starta spleiselaget «Julegavehjelp i Bjørnafjorden» på Spleis.no.

– Saman går vi inn med 10.000 kroner. Fram til tysdag ettermiddag inviterer vi privatpersonar og firma til å vera med på spleiselaget, seier senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

Privatpersonar kan sponsa direkte i spleisen, firma kan be om å få faktura.

Vil gi god hjelp i ei vanskeleg tid

Parallelt tar aktørane imot gåveønskje i eige skjema som blir gjort tilgjengeleg på heimesidene i dag.

– Her kan folk ønskja til seg sjølv eller til andre, kva varekategori dei ønskjer seg, og gjerne detaljar om farge, merke og storleik. Det er eit felt der dei kan fortelja kvifor dei ønskjer gåve frå spleisen vår, men dette er frivillig å fylla ut og ikkje eit vilkår som påverkar rangering.

Alle søknadar og ønskjelister blir behandla konfidensielt. Tanken er at alle som ønskjer seg noko skal få, ut frå kor stor pengepott som kjem inn.

– Vi og nokre av leigetakarane våre har hatt ulike utdelingar før, som Mekk, som delte ut tre juletre i fjor, og gjer det same i år. Eg hugsar det kom nokre hjarteskjerande søknadar i fjor, seier sentersekretær Hanne Lise Johansen.

– Vi har òg hatt samarbeid med andre som hjelper folk som treng det. Fleire frivillige har vanskelegare arbeidsforhold no, med tanke på smittevern, dessutan er det nok fleire som treng hjelp på tampen av dette vanskelege året.

– Gler meg til å køyra gåvene ut

AMFI Os inviterte Os Fotball med på initiativet.

– Dei sa, som vanleg når vi spør om ting, ja på strak arm. Vi har eit angt og godt samarbeid, fortel Dalseide.

Rune Mo og Zsolt Korcsmár møtte frå Os Fotball. Dei er både med på spleisen, vil spreia bodskapen til sine mange medlemmar og samarbeidspartnarar, og bidra med det praktiske.

– Eg har vore med på liknande før, då eg spelte i Danmark og klubben hjelpte til med gåver til folk som hadde litt mindre enn andre. Det var ei veldig fin oppleving å få køyra ut gåvene og møta dei mange takksame mottakarane, seier Zsolt.

No er pratane spente på kva som kjem inn av støtte til spleiselaget innan frist tysdag klokka 17, og kor mange som fyller ut gåveliste.

– Planen er å kjøpa julegåvene hos butikkane her på senteret, og å køyra dei ut i god tid før jul. Nokre av butikkane har òg sagt at dei kan bidra med varer og gode rabattar, sånn at vi får litt ekstra for pengane. Målet er at vi skal få råd til det folk ønskjer seg, eller ønskjer til andre, og så får alle sjansen til å pakka gåvene inn sjølv, i tilfelle dei vil sjå gåva før dei gir den vekk, eller vil legga noko ekstra i pakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.