Lokal | 22. nov. 2020

Julegrantenning skapte lange køar

– Frustrerande for oss som skulle heim til Banktjørnhaugen.

Julegrantenning skapte lange køar
Trafikken gjekk seint ved Amfisenteret i går, anten du skulle inn eller forbi Prestegardsskogen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. nov. 2020 11:25

Grunna smittevern arrangerte AMFI Os årets julegrantenning utandørs, som drive-in og drive-through.

Saman med julegrantenninga var det utdeling av snop inn bilvindaugene til gjestane, og møte med ein 2,5 meter høg dinosaur.

Både handlande på veg heim, og gjestar som kom for å få snop og dinosaurmøte, gjorde at trafikken hopa seg opp på Byvegen. Det blei nesten som då Os kommune inviterte til felles fyrverkeri i Os hamn 1. januar 2016.

– Eg bur i Banktjørnhaugen og skal heim. No har eg brukt 45 minutt frå Plantasjen til rundkøyringa inn til Prestegardsskogen, sa ein innringar til Midtsiden klokka 18.25 i går.

Han hadde eit 8 månadar gamalt born i bilen.

– Vi kunne parkert på Plantasjen og gått heim, om eg hadde visst om dette, og om vi hadde hatt varme nok klede i bilen. No er vi svoltne og det nærmar seg leggetid.

Politiet fortel at dei fekk fleire telefonar med melding om stilleståande og saktegåande trafikk på Byvegen i går.

– Vi var opptatt på bustadbrannen på Hetleflåten, så vi fekk ikkje kome oss til staden for å hjelpa til, seier politibetjent Sindre Lekven Hallem.

– Uventa god respons

Senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide fortel at dei hadde førebudd seg så godt dei kunne, men at dei ikkje hadde idé om at det skulle koma så mykje folk.

– Eg varsla politiet fredag, vi hadde tre personar til å dirigera trafikken og vi hadde 30-40 hjelparar til å dela ut snop til alle som kom.

– Sjølv om det blei ein del venting, var alle gjestane veldig smilande då vi møtte dei med snop inn vindauget. Samtidig forstår eg at den saktegåande trafikken var frustrerande, spesielt for dei som skulle heim eller hadde andre ærend.

Senterleiinga hadde òg lagt opp til einvegskøyring rundt senteret, inn ved Europris, ut bak Coop, for å få betre flyt.

– Det var bra med kundar på senteret frå før, og så byrja det å koma bila i 17.30-tida. Vi delte ut over 400 posar med snop, og sto til over klokka 19 før alle hadde fått.

– Vi prøvde òg å senda alle vidare, og å koma seg fort forbi dinosauren, som mange ville ta bilde med.

– Er det noko som kunne vore gjort annleis?

– Vi burde nok ha tømt parkeringsgarasjen før dette starta. Dei som kom opp frå kjellaren måtte inn i resten av køen, og rundt senteret, sjølv om dei kanskje ikkje hadde med seg ungar.

Dei som ikkje fekk med seg dinosauren i går, får ein ny sjansen.

– Den bur her no, den er jo Ringo Pluss sin, og vi har plan om at den skal utandørs og visa seg igjen. Men først skal vi laga ein plan for både smittevern og trafikkflyt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.