Kultur | 02. jan. 2013

Julehelsinga blei godt mottatt

Os kommune har fått fine tilbakemeldingar på "Heim til Os"-utsendinga. Fekk du ikkje cd-en? Fortvil ikkje.

Julehelsinga blei godt mottatt
ORBO under urframføringa i Oseana i haust. Platecoveret innfelt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. jan. 2013 07:33

I desember sendte Os kommune ut ei raus og musikalsk julehelsing til innbyggarane, singelen, den nye ORBO-låta "Heim til Os".

– Vi har fått veldig hyggelege tilbakemeldingar på denne julehelsinga, seier ordførar Terje Søviknes.

Les òg: "Heim til Os" kjem heim til deg

Ole Reinert Berg-Olsen har med seg Os Mannskor på låta, som er ei av fleire på det komande ORBO-albumet som kjem ut (på norsk) på kvinnedagen, 8. mars i år.

– Det har vore eveldig kjekt å få spre låta i Os og eg har også fått mange fine kommentarar etter utsendinga. Både av osingar og folk utanfor bygda, enkelte av dei meiner også at alle bygder burde hatt ei låt som denne.

Men distribusjonen nådde ikkje ut til alle. Os kommune har brukt eit privat distribusjonsfirma som ikkje garanterer fullt belegg.

– Derfor har vi plassert eit opplag både i kundetorget i rådhuset, på fleire bensinstasjonar og på Playcom på AMFI Os, seier Søviknes.

– Det er berre til å gå og henta, låta er framleis gratis.

Sjå video frå urframføringa her på Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.