Kultur | 23. nov. 2019

Julestemning med Kristina og Marius

AMFI Os med gode hjelparar då julegrana skulle tennast på senteret.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. nov. 2019 18:50

Bildeserie:

1 av 6

Laurdag ettermiddag, ei god veke før første søndag i advent, blei julegrana i AMFI Os tent.

– Datoen var bestemt for eit år sidan. Truleg for å ikkje få julegrantenninga så tett på black friday.

– Vi var litt spente, sidan det er lysfest i Bergen i dag, men edet kom jo mange likevel, seier senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

Fin musikk

Nore Neset skulekorps spelte julemusikk, Trivselsstallen i Lysefjorden stilte med små nissehjelparar og Kristina Andreasson Dale og Marius Lund Halland song og spelte piano.

– Vi har ikkje sunge julesangar for publikum så mange gongar før, så vi måtte øva litt, fortel Kristina.

Ho har deltatt på UKM mange gongar. I dag song ho med Marius, som har lært å spela piano av elevar på Kongshaug. Dei to syng saman i Join Us, og skal tilbake og synga på senteret den siste laurdagen før jul.

I gang med juleprogrammet

Etter tenning av grana kom nissen ned rulletrappa. Dispiplinerte ungar samla seg i enden av platået og gjekk fint forbi nissestolen for å ta imot snopepose.

– Nissen kjem tilbake alle dei tre siste laurdagane før jul. I mellomtida står postkassen hans her, om det er nokon som vil levera ønskjelista si her.

I veka som kjem er det black friday, med gratis frukost frå klokka 7. Frå 8. desember er det søndagsope tre helger på rad.

To andre spennande dagar på senteret blir nattope til midnatt torsdag 12. desember og besøk av Vennebyen laurdag 14. desember.

– Det kjem òg fleire musikalske innslag, men ikkje alle tidspunkta er bestemte enno, fortel senterleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.