Kultur | 08. nov. 2012

Julestjerne på bygdekinoen

Bygdekinoen: Sundag blir det spenning for små og store når «Reisen til Julestjernen» i ny versjon og den siste James Bond-filmen «Skyfall» kjem på Oseana.

Julestjerne på bygdekinoen
Vilde Marie Zeiner speler hovudrolla som Sonja i Reisen til Julestjernen (foto/Copyright: The Walt Disney Company Nordic)
Andris Hamretorsdag 08. nov. 2012 09:50

Sist laurdag blei kinoens dag feira med mellomanna den siste James Bond filmen «Skyfall».

- James Bond er tydelegvis framleis ein populær kar. Det var nær fullsatt sal, fortel arrangementssjef Berit Steen på Oseana.

Gjekk du glipp av filmen sist laurdag får du ein ny sjanse på sundag då Bygdekinoen har satt den opp att klokka 19.

I filmen blir Bond sin lojalitet til M, den kvinnelege sjefen for den britiske etterretningstenesta MI6, sett kraftig på prøve når hennar fortid skal visa seg å innhenta henne. Når MI6 vert utsett for angrep, må agent 007 finna og ufarliggjere trusselen, uansett kor mykje det vil koste han personleg.

Klassikar i ny versjon

«Reisen til julestjernen» hadde si urpremiere som skodespel heilt tilbake til andre juledag 1924 då den blei satt opp på Nasjonalteateret.

Sverre Brandt som skreiv stykket benytta den kjende julesangen Glade jul, Hellige jul som motiv for forestillinga som blei tonesett av Johan Halvorsen.

Udødeleg blei stykke då det blei filmatisert i 1976 med Hanne Krogh i hovudrolla som Sonja. No er det ungjenta Vilde Marie Zeiner som har tatt over rolla som Sonja i Nils Gaup sin nye versjon av den kjende og kjære filmen.

Filmen har kinopremiere 9. november 2012 og blei godt motteken med terningkast tre og fire då den hadde førpremiere sist helg.

I rollane treff du nokre av Noregs mest kjende skodespelarar som Anders Baasmo Christiansen, Agnes Kittelsen og Jakob Oftebro. På Oseana ser du den klokka 16. Filmen blir også vist sundag 25. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.