4 av 6 i juryen, f.v.: Vangsnes, Kvåle, Søviknes og Axelsen. Vinnarforslaget bak på storskjerm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Juryen går for dette kommunevåpenet

Bjørnafjorden kommune: Om fellesnemnda godkjenner og kommunestyra er einig, blir dette det nye kommunevåpenet.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I samband med kommunesamanslåinga i 2020 er kommunane Os og Fusa tidleg ute med å få eit nytt kommunevåpen til komande Bjørnafjorden kommune.

– Vi kunne i teorien ha venta, men i samband med det pågåande profileringsarbeidet ønskjer vi å ha dette klart god tid i forkant, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

Kommunane har lytta til innbyggarar, også i barneskulealder. I juni leverte elevar sine idear, som i Os sto utstilte i biblioteket.

• Les òg: Har fått 422 forslag

I etterkant har ein jury tatt imot forslag frå folk med formgjevingskompetanse. Juryen har fått forslaga framfor seg anonymt, og kommunane går førebels ikkje ut med kven som har levert.

– Alle åtte som leverte blei kvalifiserte, fortel kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen.

Ho har sete i juryen saman med kulturleiar Erik Vangsnes frå Fusa, ordførarane Terje Søviknes og Atle Kvåle, og rådmann Christian F. Fotland. Med seg i juryen har dei hatt grafisk designer Per Bækken.

Samstemt jury

Os sitt kommunevåpen blei laga i 1949. Teikna av gullsmed Johan Eide og ferdigstilt av kunstlærar Trygve Eriksen. Men det er ikkje, slik Fusa sitt er, godkjend i tråd med tidlegare krav om blant anna heraldisk stil.

– Kommunevåpenet til Os har for mange element. I tillegg har vi krone på toppen, noko som er normalt for by, ikkje bygd, seier Søviknes.

– Det er blitt lempa på krav til form på kommunevåpen, men forma på Os sitt våpen gjorde at det for eksempel tidlegare ikkje kunne pryda vegskilt, seier Vangsnes.

– Vi ville likevel ha det stilreint når vi no lager nytt kommunevåpen. Fjelle er eit element mange meinte kunne vera med, men vi ser no at det kunne blitt for mykje om det var fjell i bakgrunnen, fortel Kvåle.

Juryen er samstemt, og meiner dei har funne det klart beste forslaget. Måndag skal dette behandlast i fellesnemnda. Om dei godkjenner juryen si innstilling, går endeleg avgjerd til kvart kommunestyre for vedtak.

Symbol og detaljar

Juryen sin favoritt viser ein gul oselvar på gule bølger. Bølgene kan òg symbolisera rosemåling frå Os og jettegrytene i Fusa.

– Osingane er jo flinke til å fortelja at oselvaren er frå Os, men det er i grunnen heile Bjørnafjorden sin båt. Det blei bygd oselvar i Fusa, Tysnes og Austevoll, og vi er stolte over båten alle saman, seier Kvåle.

Han nemner at han, på runde på senteret, fekk verbalforslag frå frisør Tone Veslemøy Tonning om nettopp oselvar på bølger. Om frisøren er blant formgjevarane som har levert grafisk forslag, er for Midtsiden uvisst.

Om fellesnemnda og kommunestyra går inn for juryen sitt forslag, skal detaljane og fargane justerast av innsendar saman med jurymedlem og grafiker Bækken.

Då skal det òg setjast fargekodar som skaper gul og blå utan for klare svenske assosiasjonar, men i eige bjørnafjordenpreg.

Fleire saker