Just Olsen takkar av
Etter 12 år som dagleg leiar har Erik Just Olsen sagt opp stillinga si i Bjørnefjorden Golfklubb.


Som spelande trenar for Os fekk han på 70-talet A-laget opp i øvste divisjon på tre år. Den tidlegare landslagsspelaren i fotball, som dei siste 12 åra har vore dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb, har no sagt opp stillinga si.
- Det er ingen dramatikk i dette, eg er berre litt sliten, seier Just Olsen, som fyller 65 år no i mars.
Styret seier dei har forståing og respekt for at den driftige og hyggelege sjefen takkar av etter mange år med iherdig innsats for klubben.
Bjørnefjorden Golfklubb, som blei stifta i 1994, starta med 30 medlemmar. Etter bygging av treningsfelt og seksholsbane blei låven i 1998 opna som klubbhus med proshop, i 1999 opna 9-holsbanen som i fleire omgangar har blitt oppgradert.
- Ein golfbane blir aldri ferdig, sa Erik til Midtsiden.no før nyopninga i 2009.
Styret i Bjørnefjorden Golfklubb vil førebels overta den daglege driftasaman med dei andre tilsette i klubben, som no har rundt 900 medlemmar. Samstundes jobbar dei for fullt med å førebu anlegget på sesongstart.
Erik Just Olsen jobbar ut den tre månadar lange oppseiingstida si.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.