Kultur | 10. juli 2012

Justin Bieber på Rimi

Det blei kaos då Justin Bieber heldt gratiskonsert i mai. No kjem han tilbake, og Rimi på Os gjer deg moglegheit til å førehandskjøpe billettar.

Justin Bieber på Rimi
Butikksjef Linda Veivåg på Rimi med forsalskupongane til Justin Bieber-konsertane i Oslo 16. og 17. april neste år (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 10. juli 2012 09:56

Då Justin Bieber heldt gratiskonsert på Operataket i Oslo i mai herska det ville tilstander og kaos i Oslo sine gater. Også frå Os var det mange som tok vegen for å sjå tenåringsidolet.

OPPDATERT kl 12.25: Alle kupongane som Rimi OS hadde tilgjengeleg er no utlevert.

16. og 17. april neste år kjem idolet tilbake, då i meir ordna former med konsertar i Telenor Arena i Oslo. Det opne salet startar torsdag, men allereie no kan du sikra deg billetter om du tek turen innom Rimi på Osøyro.

- Vi har forsalgskuponger som gjev rett til kjøp av to billettar til den av konsertane du sjølv ønskjer, fortel butikksjef Linda Veivåg.

Førebels har ho ikkje opplevd det store rushet, men reknar det tek seg opp no når moglegheiten blir kjend.

Må kjøpes via nettet

Sjølv om du får forsalskupongane på Rimi må du framleis gå på nettet for å sikra deg sjølve billettane.

- Dei blir seld via rimi.no kor det står meir om korleis du skal gå fram.

- Vær obs på at det er eit begrensa antal som blir seld på denne måten, så det gjeld å vera først til mølla, forklarar Veivåg.

Vil nå alle

Årsaka til den litt utradisjonelle salskanalen forklarar Per Omundsvaag i arrangøren Atomic Soul slik:

- Vi tok kontakt med Rimi for at billettane skulle væra tilgjengelege for folk flest også i sommarferien, kor ikkje alle har like god mobil- og nettilgang.

- Ved å gje ut kupongar på samtlege Rimi-butikkar i heile landet gjev vi den ivrigste fansen - Noreg rundt, moglegheiten til å sikra seg billettar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.