Lokal | 11. jan. 2021

Kurt Oddekalv funnen død i isen

Oppdatert: Miljøkrigar Kurt Oddekalv (63) omkom i uhell på islagt vatn.

Kurt Oddekalv funnen død i isen
Luftambulanse rykte òg ut til staden. (Lesarbilde, foto: Marte Fredriksen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. jan. 2021 20:19

I 16.45-tida måndag ettermiddag rykte politi, ambulanse og brannvesen med overflateredning frå Fana og dykkarar frå Sandviken ut til Bahusvatnet, rett nord for Røykenes.

Ein person hadde observert spor som enda ved ei råk i isen.

– Vi undersøker om ein person har gått gjennom isen, sa operasjonsleiar Terje Magnussen klokka 17.17.

Klokka 17.43 kom oppdatert melding.

– Nødetatane har gjort funn av ein person.

Vedkomande skal ifølgje BT ha blitt funnen i overflata i holet i isen. Det skal berre ha vore eitt sett med spor mot råket, og det er ikkje mistanke om at fleire personar har gått gjennom isen.

OPPDATERT:

Rett før klokka 22 i kveld kunne politiet opplysa at det var 63 år gamle Kurt Willy Oddekalv som omkom i ulykka. Politiet går ut med namnet i samråd med familien.

Kurt Oddekalv, her på folkemøte om bru over Bjørnafjorden i november 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kurt Oddekalv, her på folkemøte om bru over Bjørnafjorden i november 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Oddekalv er best kjend som ein markant og kontroversiell miljøaktivist, og var i ei årrekkje aktivt medlem av Naturvernforbundet Hordaland. I 1993 starta han saman med utbrytarar Norges Miljøvernforbund, som hadde hovudkvarter i Bergen.

I meldinga frå politiet blir det presisert at familien til Oddekalv ber om ro i tida framover. Familien vil òg koma med ein uttale i løpet av dei næraste dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.