Lokal | 10. feb. 2021

Kaldaste januar på ti år - søndag skal det snu

Melder plussgradar, regn og frisk bris i neste veke.

Kaldaste januar på ti år - søndag skal det snu
Oselvo er frosen frå aust til vest fleire stadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. feb. 2021 08:28

Sjølv om januar hadde sine dagar med plussgradar, blei den den kaldaste og tørraste på ti år på landsbasis, ifølgje Meteorologisk institutt. Snittemperaturen var 3,3 °C under den nye normalen (frå 1991 til 2020).

Den høgaste temperaturen som var målt var 9,6 °C i Vaksdal 21. januar. Dette er den lågaste makstemperaturen som er målt i januar sidan 9,5 gradar i Sunndalsøra i 1987.

Kulde frå Sibir

Dei to siste vekene i januar er den tiande kaldaste tovekersperioden som er målt i Bergen. Det var kaldare tovekersperiodar både i 2010, 2013 og 2016, men desse er kanskje slått no i februar.

Februar har vore kaldare, onsdag morgon var det 17,5 minus i Os sentrum.

Årsaka til det kalde vêret er eit lågtrykk som ligg over Russland, som låser fast eit høgttrykk over Skandinavia og sender kald luft frå Sibir vår veg.

Plussgradar frå søndag kveld

Men snart skal bygda tina. Det er meldt sol, svak vind og kuldegradar til og med søndag.

Søndag ettermiddag skal temperaturen auka til 2 til 4 plussgradar.

Frå måndag og utover i veka er det meldt 4 til 6 plussgradar. Yr melder opphaldsvêr, Storm melder nedbør frå måndag til onsdag.

Storm melder òg aukande vindstyrke, frå 6-7 m/s søndag kveld til 8-10 m/s (frisk bris) måndag og tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.