Kultur | 24. juni 2009

Kamikaze-ekstase

Det nærmar seg festivalstart, og noko av det Geir Mildestveit ser mest fram til er fredagsksvelden.

Kamikaze-ekstase
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juni 2009 12:09

Osøren Blues & Jazzfestival, 25. til 28. juni 2009:

I fjor feira festivalen 10 år med blant anna blueslegenda John Mayall på programmet. I år har arrangørane satsa på sikre kort, men også nokre band som ikkje har spelt langs breidda til Oselva før.

Billettsalet starta tidleg og godt i år. Vamp spelar i Vognhallen laurdag, etterfølgt av Erik Slim Zahl and the Southwest Swingers og nærmast obligatoriske i Osøren-samanheng: Vetrhus Bluesband.

− Vi har allereie selt nesten 900 billettar til denne kvelden, som garantert blir ei livleg oppleving, sa festivalsjef Gunnar Nagell Dahl til Midtsiden 10. juni.

I ekstase for JazzKamikaze
Medan laurdagen tidleg selte godt er kanskje fredagen den mest varierte og spennande kvelden. JazzKamikaze, årets spellemannsprisvinnar ORBO & The Longshots og plateaktuelle Reidar Larsen & the Storytellers gjer dette til ein komplett jazz- og bluesaftan.

− ORBO kjem med sitt tredje album «Masquerade» til hausten, og nokre av låtane blir servert i Vognhallen denne fredagen. Vier også glade for at vi har fått rutinerte Reidar Larsen tilbake til Os. Han har 12 album og to gullplater bak seg, og no på forsommaren kjem hans første album på norsk.

Ansvarleg for jazzprogrammet, Geir Mildestveit, meiner høgdepunktet på festivalen kjem tidleg fredag kveld.

− Osingen Marius Neset er eit fenomen i seg sjølv, og når han no for første gong tar bandet sitt JazzKamikaze med heim, burde det appellera til både unge og gamle.

Neset kom i ung alder inn på musikk-konservatoriet i København, og bandet med musikarar frå studentmiljøet har hatt verdslansering i New York, dei har avtale med Sony og dei er store stjerner i Danmark.

− Eg har høyrt dei saman med fleire tusen andre i København, og ser verkeleg fram til denne kvelden i Vognhallen, seier Geir.

Lagar liv heile dagen
Torsdag opnar festivalutstillinga i Galleri Oz i Os sentrum, fredag er det Astrid Lindgren Kalas i Fjellheim før parade til sentrum og festivalopning på Torget. Dei som er lett på foten dagen etter kan få med seg Pretty Good To Fly (Steinar Lyssand m/band på formiddagen, før jam-en startar i Vognhallen.

− Jam er populært, og i år startar den allereie klokka 13. Slik held vi stemninga opp heile dagen, samstundes som vi gjev rom for lydprøvar på ettermiddagen.

Alle cruisa med MS Midthordland blei tidleg utselte, som vanleg, og for dei som vil ta vorspielet på Kaien og Peppes får dei Nobody´s Business Bluesband og lokale Gina Aspenes å lytta til om fredagen. Laurdag kjem Terje Frigaard, som er ein av dei fire artistane på programmet som ikkje har spelt under festivalen på Os før.

− Frigaard har hausta lovord for det bandet hans har gjort på Skånevik Bluesfestival. Han spelar eigne låtar og coverlåtar av blant anna ZZ Top, fortel Gunnar.

Eksotisk laurdag – søt sundag
Vognhallen viste seg i fjor å vera ein glimrande hovudscene, og arrangørane har også i år fått lov til å stå under Os Kulturutvikling sitt tak. Ny scene i år er Visningssenteret på den andre sida av hamna.

− Kommunen har laga nytt dekke i dette uinnreia lokalet, oppå dette kjem teppe. På veggane kjem kunst, og vi ser også for oss å bruka ein del av den fine uteplassen på brygga. Treff vi med akustikken, og det skal vi gjera, så får vi ikkje eit finare konsertlokale enn dette i Os. Førebels, seier Geir, og siktar til kulturhuset Oseana som er under bygging.

Det er laurdag kveld det blir konsertar i Visningssenteret, og dei eksotiske banda Combo Candome og Trio de Janeiro står på programmet. Sistnemnde har osingen Stein Inge Brækhus som eit fyrverkeri på trommer og den ekstremt dyktige Tollak Ollestad på munnspel.

− Sundagen skal vi roa ned med vakker musikk av Solveig Slettahjell og Sjur Miljeteig, på konsertpianoet som vi fekk i fjor. Under Vossajazz spelte dei eit bestillingsverk med fleire involverte for full sal, i Os kyrkje kjem dei i fint duo-format, seier Geir Mildestveit.

Sjå heile programmet på www.osoren.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.