Fotball | 07. nov. 2012

Kampen snudde to gongar

Kampen om KM-tittelen blei tøff for Os 2.

Kampen snudde to gongar
Ramo Racic, her i kamp mot Kjøkkelvik, gav Os 2 leiinga i dag. Men Osterøy kom tilbake og vann 5-2. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. nov. 2012 21:29

Onsdag kveld spelte Os 2 andre og avgjerande kamp om kretsmeistertittelen.

– Vi var ikkje heilt på, og vi møtte eit offensivt og sterkt lag i Osterøy, seier trenar Tore Nielsen.

Osterøy - Os 2 5-2 (1-1)
Målskårarar, Os 2: Erik Kanestrøm og Ramo Racic

Osterøy tok leiinga, men Erik Kanestrøm utlikna på straffe rett før pause.

Ramo Racis gav Os 2 leiinga etter pause, men så var det vertane sin tur til å utlikna.

– Ørjan Glesnes la på til 3-2 til oss, men dessverre blei det markert for offside, noko vi meiner er heilt feil, så 2-2 sto seg til Osterøy heldt fram med å skåra, fortel Nielsen.

På 4-2 blei Egil Thuen utvist då han som sistemann takla ein motspelar i angrep og kretsmeistertittelen var utanfor rekkevidde.

– Vi får nøya oss med den svært gode sesongen i serien og opprykket, seier Tore Nielsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.