Sport | 27. nov. 2012

Kampklar i Bucuresti

EM i kickboxing: Eirin Dale og Ina Grindheim er på plass i Romania. I morgon startar kampane.

Kampklar i Bucuresti
Eirin Dale på hotellet i Romania, med sentrum av Bucuresti i bakgrunnen. (Privat foto) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. nov. 2012 11:03

Kickboxarane Eirin Dale og Ina Grindheim frå Os er store medaljekandidatar under årets europameisterskap i kickboxing.

• Eirin, som blei verdsmeister i 2009, tok sølv i VM i Dublin i fjor og bronse i førre EM, som var i Athen for to år sidan.

• Ina tok bronse i VM i fjor og er tittelforsvarar i EM.

Eirin deltar i -55 kg, Ina i -65 kg, begge i pointfighting (tidlegare kalla semikontakt).

– Det har vore ei travel tid i det siste og eg har fire praktiske eksamenar når eg kjem heim, så det blir ein del lesing mellom treningsøktene her nede, seier Eirin Dale, på plass i Bucuresti.

Måndag ettermiddag var det trekning av motstandarar.

Eirin fekk walkover i første kamp og møter onsdag vinnaren av Rebecca Plaffer frå Tyskland og Sinnead Bearsley frå Irland, ein kamp Eirin gjekk for å sjå tidlegare i dag.

– Av dei eg veit deltar er velkjente Luisa Gullotti, som eg tapte VM-finalen for i fjor. Vi er seeda og møter kvarandre først i finalen, om begge kjem så langt i år. Og så har eg veldig lyst å slå ho frå Ungarn som eg tapte for på overtid i Italia i juni, seier Eirin.

Også Ina går første kamp onsdag. Der møter ho tyrkiske Hazine Cobankais.

Eirin stiller ekstra trygg i år, med tannlege som sponsor.

– Naboen min driv Bjørnefjorden Tannklinikk og fiksa ei ny fortann til meg etter eit treningsuhell for to år sidan. No er han sponsor og støttar meg fram mot VM i 2013 og EM i 2014, ler Eirin, dagen før kampstart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.