Næringsliv | 05. des. 2011

Kan bli daglegvarebutikk

Norgesgruppen er i ferd med å kjøpa bygget Steinsenteret held til i.

Kan bli daglegvarebutikk
Steinsenteret skal flytta til Alsaker-bygget i Kolskogen. Bygget på Gudriflaten er i ferd med å bli selt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. des. 2011 13:24

Fredag gjekk det ut nabovarsel på Gudriflaten, i dag skal det etter det Midtsiden kjenner til bli sendt byggesøknad til Os kommune.

– Vi ha signert kontrakt med Norgesgruppen med atterhald om at dei får byggeløyve i tråd med planane deira, seier Stig Totland.

Totland er ein av dei fem eigarane av Gudriflaten 3-5 AS, selskapet som eig bygningen og tomta Steinsenteret leiger.

Norgesgruppen er interessert i både bygget og utelageret, men lagerbygningen med husvære i toppetasjen er ikkje del av det som no er i ferd med å bli selt.

Ny Kiwi-butikk?

Midtsiden har ikkje lukkast i å nå prosjektleiar for detaljutvikling i Norgesgruppen vest, Torbjørn Ørgersen, men regionsjef for Kiwi, Joakim Pedersen, stadfestar at dei har interesser i området.

– Men eg kan førebels ikkje seia meir om planane, verken storlek eller kor tid vi ønskjer å opna ny butikk.

Pedersen seier det uansett ikkje er snakk om å flytta eksisterande butikk i Os. Går kjøpet på Gudriflaten i boks blir det ny butikk.

Kiwi har frå før to butikkar i Os, på Haugsneset og på Moberg, som opna i desember i fjor.

Steinsenteret flyttar

Eigedomen på Gudriflaten har ikkje lagt ute for sal, men det har blitt jobba litt direkte mot potensielle kundar. Steinsenteret skal ha fått tilbod om å kjøpa, men slo i staden til i Kolskogen.

Saman med Bjørn Døsen har Åsane Sand og Singel AS, som blant anna eig Steinsenteret på Os, kjøp Alsaker-bygget. Dei to selskapa har kjøpt kvar sin del, Steinsenteret får ein hall på 1350 kvadratmeter når dei flyttar frå Gudriflaten.

Les òg: Alsaker-bygget er selt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.