Sport | 17. apr. 2015

Kan bli historisk

Lotte Lise Scheie (90) blir historisk om ho går Ulvenmarsjen i helga. – Då blir ho den første kvinna, og den tredje totalt, over 90 år som fullfører, fortel Erling Andersen

Kan bli historisk
Erling Andersen saman med Lotte Lise Scheie, som kan bli historisk i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. apr. 2015 13:04

Laurdag og sundag blir Ulvenmarsjen arrangert for 37. gong. Etter nokre år med start i gymsalen på Os barneskule er ein no tilbake til kantina/inngangen ved Os ungdomsskule som start og målområde.

– Lotte Lise har sagt ho stiller, og det håpar eg mange andre osingar gjer òg.

– Vi måtte flytta start og mål då dei skulle pussa opp ungdomsskulen, men no er vi tilbake på gamle tomter.

– No er det ungdomsklubb i gymsalen, så då er vi nede igjen på ungdomsskulen, fortel primus motor Erling Andersen.

Legg om løypa

Grunna rehabiliteringa av vassledningane i Stegen har arrangørane sett seg nøydd til å legga om løypa noko i årets utgåve av Ulvenmarsjen.

– Det går ann å koma forbi i Stegen, men berre ein og ein og ikkje om ein går med barnevogn, som mange gjer.

– Difor bestemte vi oss i går for å legga om løypa når ein kjem til Midtskogvegen.

– I staden for å gå bort Midtskogvegen skal ein no gå ned Kolabakkane og den gangvegen som går ned til Mobergsbakken/Vognhallen.

– Det vil bli merka, forsikrar Andersen, som i kveld må ut å ta ei ekstra måling av konkurranseløypa for å få dei 15 kilometrane den skal vera.

Google-frie oppgåver

Sjølve turmarsjen er 14 kilometer og følgjer den tradisjonelle løypa frå Os ungdomsskule, opp til industrivegen, over Ulvensletta, forbi Nore Neset skule og tilbake forbi Solbakken, Moberg og sentrum.

– Vi følgjer den same lesten som tidlegare år, med premiering og kunnskapsoppgåver langs løypa.

– Jarle Aspaker som styrer kunnskapskonkurransen har lagt sin flid i å laga oppgåver som ikkje så lett lar seg googla.

Takkar dugnadsgjengen

Andersen er snar med å takka dugnadsgjengen han har med seg.

– Utan dei hadde det ikkje blitt ein Ulvenmarsj.

– Kvar av dei to dagane er vi 12-14 personer som er i sving.

– I tillegg har foreldra og utøvarane i STIL vore ute og distribuert dei vel 6000 avisene på førehand, så det ligg mykje innsats og arbeid bak, forklarar han.

Håpar på å slå fjoråret

Dei siste åra har ein merka ein viss nedgang i deltakinga og ein hamna i fjor på 400 deltakarar.

– Vi håper sjølvsagt at vi skal slå dette i år.

– 500 er jo eit mål, men å auka med 25 % er kanskje litt mykje.

– Vi har heldigvis styrt unna Bergen City Marathon som vi kolliderte med i fjor, så då kan ein jo i staden ta ei runde hjå oss.

– Vêrmeldingane ser òg gode ut for helga, så det er inga grunn til å sitta inne, avsluttar Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.