Lokal | 27. mai 2014

Kan bli lagt ned

Kommunen slit med å halda driftsbudsjetta. Strøno barneskule kan bli lagt ned frå hausten 2015.

Kan bli lagt ned
Drifta på Strøno Barneskule kan bli avvikla frå hausten 2015 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 27. mai 2014 19:15

Tenesteutvalet skal handsama 1. tertialrapport på sitt møte onsdag før kommunestyret får saka 17. juni.

Sjølv om kommunen gjekk med eit rekordstort overskot i 2013, slit dei med å halda driftsbudsjetta.

Kommunen visste i budsjettarbeidet for 2014 at det ville bli ein krevjande situasjon, spesielt innan barnehagesektoren, og sette difor av 10,5 millionar i eit udisponert fond som ein reserve.

– Bufferposten vil isolert sett kunne vera stor nok til å dekka meirutgiftene innan barnehagesektoren i 2014 dersom ikkje utviklinga vert ytterlegare forverra, men den vil ikkje vera stor nok til å løysa dei økonomiske utfordringane til tenesteområdet totalt sett.

– Administrasjonen finn det difor nødvendig å gjera nokre strukturelle grep innafor tenesteområdet, skriv rådmann Knut Terje Rekve i tertialrapporten.

Desse grepa vil kommunen ta:

  • Midlertidig stenging av ei avdeling i Os barnehage frå 1.8.2014.
  • Fjerna den kommunale kontantstøtta frå 1.7.2014.
  • Starta ein prosess med sikte på å flytta elevane frå Strøno barneskule til Nore Neset Barneskule frå skulestart 2015.
  • Overføra dei 10,5 millionane til oppvekst- og kultur for å dekkje meisteparten av meirutgiftene på barnehagesektoren og sikra ein god oppstart av Nore Neset ungdomsskule.
  • Redusera budsjettramma til helse, omsorg og beredskap med 906 000 kroner, tilsvarande redusert rammetilskot vedkommande endra finansiering av rusomsorg. Vil bli kompensert med øyremerkt tilskot frå staten.

Her er grunngjevingane

I tertialrapporten kjem kommunalsjefane si vurdering av eige område og framlegg til tiltak fram.

Nedanfor finn du grunngjevingane for dei største endringane innan oppvekst- og kulturområdet.

Strøno barneskule

Når vi ser på budsjettmodellen for skulane er det liten tvil om at skulestrukturen er dyr mellom anna på grunn av stor variasjon i klassestørrelse. I tidlegare diskusjonar om skulestruktur har det vore akseptert at skulane tar ein stor del av kommunebudsjettet. Kommunalsjefen har vært rundt på besøk til alle skulane i Os og er imponert over det arbeidet som vert gjort på den enkelte skule. Det er mange fordelar ved dei små krinsskulane, men det er ein kostnadskrevjande struktur.

For å imøtekome krava om å drifta i balanse og samtidig arbeide for å betra skuleresultat og oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov så vert det foreslått å setja i gang ein prosess med sikte på å flytte elevar frå Strøno barneskule til Nore Neset barneskule frå hausten 2015 (ref. også framlegg i budsjett 2014).

Utrekningar viser at vi kan spare ca 3 millionar på heilårsbasis. For hausten 2015 vil vi kunne spara ca 1,5 millionar ved å flytte alle elevane til Nore Neset barneskule. Det vil også vera positivt at dette vil gje ein meir robust drift på Nore Neset. Ved å flytta berre 5 – 7 klasse er det lite innsparingspotensiale og det vil vera vanskelig å oppretthalda eit godt læringsmiljø på Strøno.

Os barnehage

Når hovudopptaket var ferdig var det ledig kapasitet blant anna i Os barnehage. Det vart bestemt redusere driftsnivået ved å stoppe inntaket av nye barn.

Dette vert gjort for å nedjustere det totale barnehagetilbodet og begrense kostnadsveksten.

Ei avdeling i Os barnehage vert stengt frå 01.08.14. Dette vil gje ei innsparing på 1.1 millionar for hausten 2014. Årseffekt dersom drifta blir verande på same nivå i heile 2015 er 2,6 millionar.

Kommunal kontantstøtte

På grunn av god barnehagedekning og erfaringane frå barnehageopptaket med stor søking, samt resultata som visar at kommunal kontantstøtte ikkje fører til redusert søknad til barnehage så vert det foreslått å avvikle ordninga med kommunal kontantstøtte. Basert på erfaringstal frå hausten 2013 vil det ikkje vere mykje å spare hausten 2014 (maksimalt kr. 200 000). På årsbasis kan vi spare 1,5 millionar.

Neste barnehage bør vera kommunal

Med bakgrunn i befolkningsutviklinga i Os kommune og årets overkapasitet av barnehageplassar er det eit behov for å lage ein plan for framtidig barnehagestruktur. For å ha kontroll med inntak av barn i barnehagane og sikre at dei som har rett på plass får plass så bør den neste barnehagen i Os vere kommunal.

Det ligg eit stykke fram før vi treng auka barnehagekapasitet, men vi bør lage ein plan som sikrar vedtaksprosessar og tidsperspektiv fram mot 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.