Sport | 20. mai 2012

Kan bli Noregs yngste flyinstruktør

Osingen Kristoffer Samuelsen (18) har, som første i Noreg, fått dispensasjon til å utdanna seg til flyinstruktør to år før tida.

Kristoffer Samuelsen går på flyteknisk linje ved Sola vgs. No vil han, ved sidan av, bli Noregs yngste flyinstruktør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. mai 2012 21:31

Søndag, under open dag hos Os Aero Klubb på Vaksinen flystripe ved Ulven, var det i dag eit yrande liv i ideelt flygevêr.

Midtsiden kjem tilbake med bildeserie, video og meir om dagen på Vaksinen.

På flystripa møtte vi fleire unge, men erfarne pilotar, blant dei Kristoffer Samuelsen frå Nore Neset. Ein fersk dispensasjon gjer at han kan bli Noregs yngste flyinstruktør.

– Kristoffer kom til oss som ivrig ungdom før han var gamal nok til å fly seglfly, og lærte så mykje av å vera i miljøet at han allereie kunne fly då han var 15 år og gamal nok til å byrja på opplæringa, seier formann i Os Aero klubb, Tore Øvreeide.

– No har vi fått dispensasjon for at Kristoffer kan ta instruktørutdanninga si som 18-åring, i staden for å venta til han er 20 år.

Starta med modellfly

Kristoffer fortel at han starta med modellfly som 8-åring og hadde første tur i seglfly då han var 12 år.

– Sidan har eg vore her, og då eg likte seglfly så godt så sparte eg heller pengar til dette enn å bruka på modellfly, så dei små flya landa fort på hylla.

I fjor tok han 3. plass i junior-NM. Innan seglfly er du junior til du er 25 år. Målet er å gjera det skarpt i junior-VM i 2013, men først går Krisoffer for å bli flyinstruktør.

Lågare aldersgrenser

Os har hatt fleire flinke pilotar som har starta i ung alder. Årsaka til at det blei søkt om dispensasjon no er ikkje berre det at Samuelsen er flink.

– Det er nye aldersgrenser på veg grunna EU-tilpassing. I dag er det 15 års aldersgrense på å fly seglfly og du må vera 17 år for å ta sertifikat, noko du treng om du vil ha med deg passasjerar eller fly lengre vekk frå flystripa enn 10 kilometer, forklarar Øvreeide.

– Men med dei nye reglane kan du fly solo frå fylte 14 år, ta sertifikat frå du er 16 år og bli instruktør når du er 18 år.

Skrur på kampfly - vil bli instruktør

I dag går Kristoffer på flyteknisk linje ved Sola vgs i Stavanger, der han blant anna mekkar på eldre F-16.

– Eg tok grunnkurs elektro, som du treng på førehand. No er eg nesten ferdig med det første av to år med teori innan flyteknisk, så ventar to år med praksis.

Ved sidan av håper han på å bli flyinstruktør. Dispensasjonen til å bli instruktør to år før tida fekk han rett før påske.

– Påsken blei det intensivt med teori og praksis, neste helg skal eg på opptak i Elverum.

– Kjem eg inn blir det ei dryg veke med utdanning i sommar, fortel han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.