Lokal | 24. aug. 2018

Kan bli nytt cruise frå Os og inn i fjordane

Onsdag var ei gruppe på prøvetur, frå mai 2019 kan nytt, lokalt fjordcruise vera i drift.

Kan bli nytt cruise frå Os og inn i fjordane
Hans Parnefält (t.v.) med delar av reisefølget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. aug. 2018 09:37

Bildeserie:

(Foto: Hans Parnefält, Visit Bjørnafjord)
(Foto: Hans Parnefält, Visit Bjørnafjord)
(Foto: Hans Parnefält, Visit Bjørnafjord)
(Foto: Hans Parnefält, Visit Bjørnafjord)
1 av 2
(Foto: Hans Parnefält, Visit Bjørnafjord)
(Foto: Hans Parnefält, Visit Bjørnafjord)

I juni var fleire turistaktørar i kommunar rundt Bjørnafjorden samla for å stifta Visit Bjørnefjord, onsdag var ei gruppe på prøvetur med eit lokalt fjordcruise som Visit Bjørnafjord har tatt initiativ til.

– Vi har mykje fint å visa, men det gjeld å gjera det enkelt for turistane, seier styremedlem Hans Parnefält.

Hans hadde 25 år bak seg i reiselivsbransjen, der han tok imot over 20 fly i veka på Kypros, før han i 2002 starta Vitaltour AS. I 2012 selte han aksjane sine, i 2016 starta han Os Travel - for å ta turistane motsett veg - frå utlandet til vår region.

Parallelt med dette engasjerer reiselivsnestoren seg no i regionsreiselivslaget.

For turistar og lokalbefolkning

Visit Bjørnafjord ligg i forhandlingar med Rødne Fjord Cruise om å etablera ei ny rute frå Os til ulike attraksjonar i Fusa og Samnanger. Frå før har Rødne båten Rygerkatt, som går i rute med skuleungdom til og frå Os frå måndag til fredag, men er ledig i helgene.

Tanken er å setja opp ei fast rute frå mai til september, laurdag, søndag eller begge dagane i helga. Dei reisande vel å gå i land éin av plassane, med transport til og frå ulike turistattraksjonar, og retur til Os seinare på dagen.

– Rødne er positivt innstilte. Dei har fleire ruter frå før, blant anna i vår region, Bergen og Flesland via Os og Malkenes (Tysnes) til Rosendal. Denne er god både for turistar og lokalbefolkning som vil på dagstur eller treng transport.

– I tillegg vil vi tilpassa oss Bergen. Turismen er i vekst på Vestlandet, og vi følgjer debatten med auka cruiseturisme i Bergen. Ein del av nøkkelen, og ein stor del av marknaden, kan ligga i å få turistane ut av by'n og opp her. Då må ruta tilpassast så cruiseturistane rekk frukosten sin om bord i moderskipet, buss til Os og retur før cruisebåten eventuelt legg frå land.

– Gode opplevingar

Det var mykje nedbør, frisk bris og dårleg sikt på fjorden onsdag. I Eikelandsfjorden blei turfølgjet verande i båten mens Erik Vangsnes frå Fusa kommune kom om bord og fortalte om nokre av turistattraksjonane i Fusa, som Holdhus kyrkje, Engevik Gard og Eidegrend Klyngetun.

I Samnanger var vêret lettare, og dei resiande gjekk i land for å besøka både Antons Kulturhistoriske Senter på Frøland, Osteriet i Samnanger og for å sjå Fossen Bratte.

Med på prøveturen var blant andre Frode Neergard Fjeldstad frå Visit Bergen, ordførar i Samnanger, Knut Harald Frøland, dagleg leiar i Rødne Fjord Cruise, Lars Rødne og næringslivkonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel.

I tillegg var nokre amerikanske turistar som bur i Podtel/Podtown på Os kai med på turen, det same var ei gruppe frå Os Turlag.

– Eg synest det var eit fantastisk flott opplegg, og eg trur alle som var med syntest det var veldig interessant, seier Steinar Bøe frå Os Turlag.

– Dette kan bli ein fin dagstur også for oss som bur i Os og andre kommunar i nærleiken. Det er mange fine plassar og flinke folk som driv ulike museum, besøksgardar eller lager mat. Eg snakka litt med amerikanarane om bord, og dei koste seg veldig sjølv om vêret ikkje var så fint.

Kven tar ansvar? Kva med Os?

Målsetjinga med turen var å kvalitetssikra rutetider og å diskutera moglegheita for å bruka Rygerkatt eller ein annan Rødne-båt for sommersesongen 2019 på Bjørnafjorden.

– Kven tar risikoen, ansvaret og eventuell forteneste?

– Vi i Visit Bjørnafjord er initiativtakar, og vil vera med på både å gjera ruta attraktiv og å marknadsføra den. Rødne har fleire gode cruise, men ser ut til å vera open for å utvida med fleire. Dette er dessutan ei nyvinning, og noko du kan søka støtte til.

– Er dei ulike tilbydarane av mat og kultur i Fusa og Tysse rigga for å ta imot store grupper kvar helg gjennom sesongen?

– Eg har inntrykk av at mange er i posisjon. Dei driv godt, dei har utvida og dei ønskjer dette. Generelt ser det òg ut som om mange står klare til å trappa opp.

– Kva med kultur- og næringsliv i Os? Om turistane kjem i store mengder frå Bergen, skal vi berre senda dei vekk med båt?

– Ruta er ikkje ferdig spikra. Vi har jo ein del å by på rundt kaien i Os sentrum, frå Oseana via Osøyro til Oselvarverkstaden og Det historiske tunet på Lyngheim. Det kan bli lagt opp til ei oppleving i Os før eller etter avreise.

Parnefält og Visit Bjørnafjord har òg krinsar vest i Os, og nabokommunane Tysnes og Austevoll på radaren.

– Dette er eit av fleire tiltak vi i Vist Bjørnafjord jobbar med. Vi har 6 fjordar, over 500 øyer og minst 15 fine fjelltoppar rundt oss. Kommunane våre byr på ei rekkje gode natur-, kultur- og matopplevingar. Men vi må bestemma oss for éi rute, vi må starta ein plass.

– Kva skjer vidare?

– No har vi nok informasjon til å setja opp ei rute. Det blir ein del teknisk å jobba vidare med, og dialog med både tilbydarar ute i Fusa og Samnanger, med reiselivet i Bergen og med underleverandørar, som busselskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.