Samferdsle | 14. mars 2023

Kan bli stengt i fleire periodar torsdag

Ny inspeksjon på Lepsøybrua.

Kan bli stengt i fleire periodar torsdag
Torsdag er det inspeksjon på Lepsøysundet bru igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. mars 2023 08:21

Torsdag 16. mars utfører Vestland fylkeskommune inspeksjon og synfaring i samband med rehabilitering av Lepsøysundet bru.

Inspeksjonen varer frå klokka 11 til 15, og kan i starten bli stengt i inntil to timar samanhengande.

Kl 11.00 - 13.00: Inntil 2 timar stenging.
Kl 13.00 - 15.00: Inntil 30 min stenging.

– Vegen blir sjølvsagt opna opp for utrykkingsbilar og buss i rute, orienterer prosjektkoordinator Belinda Morgan..

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.