Lokal | 10. mai 2010

- Kan denne koma her?

Då grunneigarane brått fekk kommunen på synfaring blei det mobilisering. No fryktar dei at 200 husstandar på Kuhnle, Moberg og i Kuvågen kan bli råka av drittlukt frå OHARA.

- Kan denne koma her?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. mai 2010 08:30

Lokalisering av nytt hovudavlaupsreinseanlegg i Os, OHARA, har til no berre engasjert naboar til éin av dei potensielle stadane reinseanlegget kan bli plassert, velforeininga i St. Hanshaugen.

Først då kommunen var på synfaring der pipa til anlegg på Kuhnle kan koma, om det blir aktuell plassering, vakna naboane til det andre alternativet.

- Desse utluftingspipene er gigantiske. Vi hadde ikkje trudd at dei vurderte å bygga ein slik skorstein her, seier grunneigar Erlend Moberg.

No fryktar grunneigar og naboar i Kuhnle at det kan koma ei ruvande utluftingspipe midt i eit etablert bustadfelt, og at denne skal spreia lukt over eit stort område.

- Søkjer konflikt
I februar var avlaupsreinsinga oppe i kommunestyret, og alternativa til plassering blei redusert frå 5 til 2. På lista sto fjellanlegg i Haugsneset, Lekvenvågen, Mobergshaugane og Kuhnlevika saman med daganlegg i Kuhnlevika. Kommunestyret gjekk for å jobba vidare med fjellanlegg i Mobergshaugane og i Kuhnlevika som alternativ.

- Vi er glade for at dei vel fjellanlegg, men forstår ikkje prioriteringane. I rapporten frå Norconsult står det tydeleg at dei ser på dei to valte alternativa som dei med størst ulempe for naboar og høgast risiko for konflikt. Likevel vel dei vekk for eksempel alternativet Lekvenvågen, seier Erik Monsen frå ei av velforeiningane i området.

Os kommune prioriterer vektar økonomi med 70 prosent, kor godt eigna plassen er med 20 prosent og konfliktnivå med berre 10 prosent.

- Det står vidare i rapporten at lukt er et relativt begrep, og at det er vanskeleg å seia korleis dette kjem til å påverka nærmiljøet. Både estetisk og kjemisk er dette lite framtidsretta. Skal dei bygga eit renseaanlegg som skal stå nokre år, bår dei ikkje berre sjå på kronene.

Samla naboane
Erlend Moberg har overtatt garden til foreldra på Moberg, medan dei har bygd seg hus på Kuhnle. Ein dag rett over påske såg far til Erlend, Eivind Moberg, kommunen med folk frå Norconsult på synfaring på marka.

- Då vi forsto at kommunen vurderer å bygga utluftinga her, om anlegget kjem i Kuhnlevika, samla vi velforeiningane i nabolaget. Til saman representerer vi rundt 200 bustadar.

Sjølv opplevde Eivind at det var vanskeleg å få bygga i området. Kommunen sa ja, medan fylket ville vera varsame med omregulering til bustadbygging i LNF-området.

- Men ei stor pipe har dei planar om. Eg lurer på kva miljøavdelinga hos Fylkesmannen seier til dette.

Utrygge
Onsdag hadde naboane eit av møta sine, og representantane har byrja å leita etter både alternativ utlufting og resultat av tilsvarande bygging i andre kommunar.

- Frå kommuneadministrasjonen har vi fått høyra at det går an å ta utluftinga saman med utsleppet i sjø, men at dette sjølvsagt kostar pengar. Frå andre kommunar har vi fått høyra om luktproblem som varer over tid. Tiltak som var meint å dempa lukta var mislukka.

- I teorien skal kanskje utluftinga vera luktfri, men vi føler oss ikkje trygge på at det blir slik når anlegget står ferdig. Dessutan kan vi ikkje forstå at dei vurderer å bygga ei så stor pipe midt i eit bustadfelt, seier Moberg.

Naboane vil no i tettare dialog med både kommunen og fagpersonar, for å bli trygge på at det ikkje blir bygd noko som dei kjem til å få problem med i framtida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.