Lokal | 04. apr. 2012

Kan du kjøra her?

Prestegardsskogen har fått ny oppmerking. Korleis skal bilistane forholda seg til den?

Kan du kjøra her?
Er dette eit fortau? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. apr. 2012 07:08

For ei dryg veke sidan kom det ei stipla linje inn Presetgardsskogen for avkjørslene til Amfisenteret. Linja markerer noko som har breidde som eit fortau, men som ikkje er skilt frå vegen med høgdeforskjell.

– Vi har fått ein del spørsmål om kva reglar som gjeld for denne vegen og for det merka feltet, seier senterleiar Christer Danielsen.

– Mange trur at det er forbode å kjøra i feltet til høgre nå du kjem inn vegen, men det er ikkje rett. Sånn eg har fått det forklart av LAB, som har stått for merkinga, så kan du kjøra inn i det markerte feltet så lenge det ikkje er fotgjengarar der. Men er det fotgjengarar der så har du vikeplikt, legg han til.

Viser vidare til kommunen

Midtsiden har ikkje lukkast i å nå LAB, trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon viser vidare til vegvesenet og vegvesenet viser vidare til Os kommune når det kjem til spørsmål om reglar for slike felt innanfor stipla linjer.

– Det kjem an på korleis linjene er forma og kva kommunen, sidan dette er ein kommunal veg, har planlagt, seier Magnar Røen hos vegvesenet.

Møteplass - om du må

I Os kommune fekk vi tak i Arne Håkon Rød, avtroppande avdelingsleiar for samfersle i kommunen.

– Det feltet i Prestegardsskogen har eg ikkje kjennskap til, men slike felt har dei ein del av i andre kommunar, som i Fjell.

– Sånn eg tolkar denne type felt er at du kan kryssa den stipla linja ved behov, om det er ledig, at du då bruker det flate fortauet som møteplass. Men i hovudsak skal du halda deg utanfor dette feltet, dette er ei løysing med gang- og sykkelveg på ein veg som er upraktisk å utvida, seier Rød.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.