Ordførar Marie Lunde Bruarøy opna ny puttegreen på Hauge i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Kan du putta, fru ordførar?

Etter to år med arbeid blei ny puttegreen hos Bjørnefjorden Golfklubb i dag opna.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bjørnefjorden Golfklubb fekk i dag sin andre puttegreen.

– Med to puttegreenar, chippe-green, driving range, golfsimulatorar og bane for petanque (boccia/boule) ar vi no eit av dei finaste treningsanlegga i Hordaland, seier dagleg leiar Per-Ove Bahus Lysvold.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy opna banen ved å slå det første slaget på puttegreenen.

– Erfaringa mi strekk seg til minigolf på sydenferie, no får vi sjå om denne treninga har hatt effekt, sa Marie, og slo imponerande nær holet på første av to slag.

I konkurranse mot Lysvold og sponsor Herman Brandt frå Privatmegleren Vikøyr & Brandt var første slag godt nok til førsteplass til ordføraren.

21 minutt seinare, etter at fleire hadde prøvd seg, var det Nils Kristian «Kisken» Lygre som blei den første til å putta på den nye banen. Dei to neste var John Lepsøy og Brandt sin kollega Trygve Berentzen.

Der fleire generasjonar trener saman

Vikøyr & Brandt har finansiert mesteparten av den nye puttegreenen, mens golfklubben har stilt med arbeidskraft og know-how.

– Det starta i grunnen med av Trygve speler golf, og at vi av og til leiger lokale til kundearrangement. Vi kom i dialog med klubben og bestemte oss for å gå inn som sponsor. Eg har veldig sans for golf som rekreasjon, og det at du her kan sjå besteforeldre vera i trening saman med barnebarn. Det ser du ikkje så mange andre stadar, seier Herman.

I dag bruker eigedomsmeklarane anlegget flittig.

– Det kan vera som ein sosial aktivitet med kollegaer, på fritida saman med borna våre, eller eit slag boccia i lunsjen - eller som rekreasjon for å få tømt hovudet litt før ein arbeidsdag du gjerne veit blir ekstra lang.

– Som ein stor prakthage

Ordføraren er imponert over anlegget.

– Banen er som ein stor prakthage. Frå tilreisande og andre høyrer eg ros om klubben og korleis anlegget er stelt, og de har stått stødig gjennom svingingar og trender som også andre idrettar opplever, sa Bruarøy før å opna den nye puttegreenen med første slag.

Også ho la vekt på korleis Bjørnefjorden Golfklubb er ein stad for mange, på tvers av alder og nivå.

Slår graset kvar dag

– Ein øvingsgreen for putting skal gjerne ligge nær utslaget til første hol, om vera representativ for puttegreenane på dei komande hola, forklarer Lysvold.

Det tette låge graset er av typen «krypkvein». Det må gjødslast ofte og må slåast kvar dag. Den er aggressiv i veksten, men toler ikkje mykje slitasje.

Kvar veke blir det slått cirka 100.000 kvadratmeter på gras på anlegget.

– Det er krevjande, men god innsats gir resultat.

• Midtsiden samleside: Golf

Fleire saker