Kultur | 03. juni 2009

- Kan du tilgje meg?

Magnar "Maggen" Lien ber kona Henriette om unnskyld i forkant av standupshowet "Stolt, gammal gris".

- Kan du tilgje meg?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. juni 2009 10:34

Magnar "Maggen" Lien ber kona Henriette Lien om unnskyld på førehand. Fredag og laurdag kjem han nemleg til å seia mykje stygt om ho i showet "Stolt gammal gris" på Opus.

- Det blir grovt, seier Maggen om manuset han sit og øvar på heime på terrassen i dag.

Mest går det ut over kona Henriette. Men er det slik at ho vurderer hemn?

- Ja, nesten, men eg trur vi skal spara bygda for meir skittentøyvask i det offentlege. Vi får heller satsa på at dei fort gløymer det Magnar lirer av seg til helga, seier Henriette.

- Motivasjonen for å lata han helda på med dette er at når han sit og skriv så held han endeleg kjeft. Det har vore så fredeleg og stille i huset dei siste vekene. Det kjem eg til å sakna, legg ho til.

Ingen Elvablest
Lien meiner generalprøve er for pyser. Men han har lest gjennom manus og funne ut at han har materiale til rundt ein time.

- Eg har inntrykk av at mange trur at dette blir som ei fortsetjing av Elvablesten, men dette er standup, ikkje revy. Det blir ingen song, kostyme eller meining med det eg seier. Det handlar berre om å få folk til å le.

- Og det skal du klara?

- Av og til synes eg at manuset er drita dårleg, når eg les teksten med kritiske auge. Men så prøver eg å lesa teksten med auga til dei eg kjenner best, og då er den faktisk ganske god, seier Maggen.

- Blir det mykje lyging?

- Nei, det vil eg presisera - alt er sant! Nesten.

Nesten alle ni får svi
Blant tema som blir fleipa med vil ikkje Lien røpa så mykje. Men nokre historiar frå tida han budde i Oslo lovar han å dela med publikum fredag og laurdag.

- No når ikkje foreldra mine lever lenger så kan eg fortelja dei.

Magnar og Henriette har ikkje ungar saman, men til saman er dei foreldre til ni ungar frå 5 til 26 år.

- No har dei plaga oss i så mange år at det er på tide at dei får litt igjen. I alle fall dei eldste.

- Fredag står du åleine på scenen for første gong på lenge. Er du spent?

- Nei, ikkje så veldig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.