Sport | 01. okt. 2012

Kan framleis rykka opp

Damelaget til Os har hatt ein god sesong og trass i uavgjort på overtid i førre bortekamp er det etter gårsdagens 3-0-siger framleis ein sjanse for opprykk.

Kan framleis rykka opp
– Det var godt å få Heidi Kloven tilbake, seier trenar Cato Moldskred. Heidi skåra 2-0-målet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. okt. 2012 20:30

Os har hatt ein fin vårsesong og klarte som i fjor å kvalifisera seg til å spela i den beste haustavdelinga i 4. divisjon.

– Det var det som var målet, men no har hausten blitt så god at vi har sjanse til å rykka opp, seier trenar Cato Moldskred.

Os har vunne 3 kampar, tapt 2 og spelt 1 uavgjort.

– Vi leia over Rosendal, men i siste angrep, på overtid då vi eigentleg skulle hatt frispark, klarte dei å utlikna. Poenga i kampen mot Gneist 2 har vi dessverre mista, då dei trekte laget sitt.

Vann 3-0 på bortebane

I går vann Os 3-0 borte over Bjarg. Ein corner av Mailin Moldskred gjekk via Marita Arentzen i mål, så kom eit flott angrep som enda hos Heidi Kloven til 2-0 til pause. Keeper Amalie Bøyum er også god ute, og kom innpå 15-20 minutt før slutt og auka til 3-0 på ei flott skåring.

– Det var godt å få Heidi tilbake, ho har eit godt driv og er ein fin motor for laget, seier Cato.

3 poeng frå 2. plass

Med gårsdagens siger kan Os framleis rykka opp.

– Poengdelinga mot Rosendal øydela litt, men det er framleis håp. Det var ikkje målet for sesongen, så det blir i så fall ein bonus.

Os ligg 3 poeng bak 2. plassen med ein kamp mindre spelt. Dei avsluttar sesongen med heimekamp mot Vestsiden/Askøy førstkomande søndag (kl 16) og bortekamp mot Minde 20. oktober. Vestsiden/Askøy ligg på 2. plass, Minde på sisteplass.

SJÅ OPPSETT OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.