Lokal | 22. feb. 2012

– Kan gje krisehjelp til fleire

Rett etter at den sikta 18-åringen blei pågripen blei kriseteamet til kommunen kopla inn.

– Kan gje krisehjelp til fleire
Os kommune sitt kriseteamet blei kopla inn tysdag kveld. Leiar for teamet, brannsjef Stein Gjøsund, innfelt. (Foto: Andris Hamre/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. feb. 2012 09:28

Tysdag i 20-tida blei ein 18 år gamal gut pågripen, sikta for drapet på Hilda Feste 1. januar.

– Vi blei kalt ut rundt klokka 20.30, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Gjøsund er leiar for kommunen sitt kriseteam og fortel at kartlegging er ein viktig del av starten på prosessen med å gje krisehjelp.

Ulike behov

– Først inn er psykiatrisk sjukepleiar, for å ta seg av dei aller nærmaste, og for å kartlegga kven det er som treng hjelp, og kven det er som vil ha hjelp.

Gjøsund understreker at kriseteamet er breidt samansett, med psykolog, prest, lege, ppt og skule representert.

– Folk taklar kriser ulikt, nokre er glad for all hjelp og støtte dei kan få, andre vil klara seg sjølv, i alle fall i starten.

Kan gje hjelp til fleire

Den brutale drapssaka har rysta mange osingar. Mange er nok letta for at nokon er pågripen, men overraska og kanskje skremt av den unge alderen til guten politiet meiner står bak.

– Kanskje er det fleire enn familien som treng hjelp. Dette er ein spesiell situasjon for mange, og det kan vera alt frå naboar til venar som kan ha bruk for nokon å snakka med, seier Stein Gjøsund.

Kriseteamet i Os kommune har vakttelefon 915 68 590 (Os brannvesen).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.