Kan ha vore siste marsj

Lotte Lise Scheie (89) blei heidra som eldste deltakar i Ulvenmarsjen. Ho kan ha vore den siste som får denne prisen.

Erlend Andersen saman med Lotte Lise Scheie som fekk premien for eldste deltakar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 28. apr. 2014 12:10

Bildeserie:

Joakim Sælen saman med Rolf Jenssen som fullførte sin 30. Ulvenmarsjen på rad (foto: Ulvenmarsjen/Nina Sælen)
397 deltakarar fekk premie for å fullføra Ulvenmarsjen 2014 (foto: Andris Hamre)
Joakim Sælen var raskast i kappgangkonkurransa (foto: Ulvenmarsjen/Nina Sælen)
Joakim Sælen saman med Rolf Jenssen som fullførte sin 30. Ulvenmarsjen på rad (foto: Ulvenmarsjen/Nina Sælen)
397 deltakarar fekk premie for å fullføra Ulvenmarsjen 2014 (foto: Andris Hamre)
1 av 3
397 deltakarar fekk premie for å fullføra Ulvenmarsjen 2014 (foto: Andris Hamre)
Joakim Sælen var raskast i kappgangkonkurransa (foto: Ulvenmarsjen/Nina Sælen)
Joakim Sælen saman med Rolf Jenssen som fullførte sin 30. Ulvenmarsjen på rad (foto: Ulvenmarsjen/Nina Sælen)

I helga blei Ulvenmarsjen arrangert for 36. gong. Før arrangementet fortalde Erling Andersen at dei tel på knappene om dei kan halda fram.

For å kunna forsvara dei om lag 250 dugnadstimane som blir lagt ned håpa dei på opp mot 600 deltakarar til saman laurdag og sundag.

– Det gjekk ikkje. For første gong sidan vi starta i 1979 enda vi under 400.

– 127 gjekk laurdagen, 270 på sundagen slik at totalen blei 397, oppsummerer Andersen.

Treng velsignelse

Andersen, som saman med Einar Vevatne står bak mykje av arrangementet, håper sjølvsagt at dei kan halda fram også i åra som kjem, men tørr ikkje lova noko.

– No treng vi velsigning av hovudlaget i Søfteland Turn og Idrettslag.

– Om ikkje Ulvenmarsjen bringer midlar inn til idrettslaget er det ikkje sikkert dei vil halda fram.

– I tillegg må kommunen koma på banen. Dette er folkehelsearbeid av beste sort.

– Eit lågtersketilbod som Ulvenmarsjen bør kommunen i det perspektivet veta å sette pris på.

Avgjersle til hausten

Ei avgjersle på om dei kan halda fram reknar dei med å måtte ta i løpet av hausten.

– Før 1. oktober må arrangementet meldast inn til friidrettsforbundet for å koma med på terminlista.

– Vi bør ha fått signal både frå hovudlaget og kommunen på om dei ønskjer vi skal halda fram før den tid, slår Andersen fast.

Vellykka, trass alt

Sjølv om deltakinga ikkje blei så høg som dei håpa på, blei også årets utgåve av Ulvenmarsjen vellukka.

– Arrangementet gjekk greitt både laurdag og sundag, med gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Heile sju deltakarar fullførte sin 36. marsj og har med det gått samtlege løp.

Desse fekk utmerkingar:

35 år på rad: Johannes Åkre
30 år på rad: Arild René Gill, Rolf Jenssen, Atle Mitsem og Marit G. Vik
20 år på rad: Jon-Olav Særvoll
15 år på rad: Berit Haukeland og Otto Moberg
10 år på rad: Ellen Cecilie Broen, Alice Evensen, Maren Evensen, Jørgen Hopsdal Haugen, Bente Skarding, Geir Skarding og Linda Cecilie Valde
25 år: Rebekka Breistein
20 år: Kjell Hopsdal og Erling Andersen.

Litt varmt

Lotte Lise Scheie (89) gjekk sitt niande og vann med det prisen som eldste deltakaren.

– Det var ein veldig flott runde.

– Litt for varmt kanskje, men vi tok oss no tre pausar, så det gjekk greit, fortel den spreke pensjonisten etter målgang.

1.05.15 på Joakim

Parallelt med turmarsjen sundag blei også kappgang arrangert.

Joakim Sælen, TIF Viking, gjekk dei 15 kilometerane (ein kilometer lengre enn sjølve marsjen, journ.mrk) på 1.05.15.

Han slo med det Arild Fotland, Søfteland TIL med vel tjue minutt. Fotland gjekk på tida 1.27.52.

Svara på kunnskapskonkurransen

Deltok du på marsjen og lurer på kva som var rett svar på kunnskapskonkurransen rundt løypa?

Her finn du fasiten:

Laurdag:
1. Spikeren var 5 tommer lang
2. Hodeskallen tilhørte ei Hyse
3. Krydderglasset innehold rekepulver
4. Mineralet er eit Kalkspatkrystall
5. Appelsinsoten som blei servert på Nore Neset var Cevita
6. Taksteinen vog 2.918 gram

Søndag:
1. Kjettingen vog 1.298 gram
2. Frontlykta tilhørte ein Citroën Berlingo
3. Krydderglasset inneholdt Baconpulver
4. Mineralet er ein Almandinegranat
5. Appelsinene er sponsa av Kiwi
6. Planta er ein Følblom

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.