Bølgebrytaren blei sjøsett på Venjaneset torsdag. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)
Bølgebrytaren blei sjøsett på Venjaneset torsdag. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)

Kan koma på plass til helga

Lossing og slep i Fusa gjekk bra. Onsdag kjem truleg bølgedemparen til Os, frå helga kan han ha effekt.

Kjetil Vasby Bruarøy
04. desember 2016 - 9:23

Den første av planlagte fire bølgedemparar som skal skjerma Os hamn blei frakta frå Talling til Fusa med ankomst torsdag morgon.

Den 50 meter lange og 75 tonn tunge spesialdesigna stålkonstruksjonen blei sjøsett på Venjaneset før slep til Strandvik, der signallys skal monterast.

– Først gjekk det litt tid før den var på sjøen, så tok det tre timar med sleping. Det blei mørkt før vi kom fram, fortel Jonn Garvik, som med MS Brutus var leigd inn til slepet.

Det er eit anna selskap som skal ta seg av forankringa, men dei trengte ein lokal båt til slepet.

– Den låg som venta som ei skiferhelle i sjød’n, så vi måtte ha den tett på båten, berre 20 meter bak hekken, og gjekk med berre 3-4 knop.

No blir det boring i Os hamn

Om alt går som det skal med arbeidet som skal gjerast mens bølgedemparen ligg til kai i Strandvik vil den bli slept til Os onsdag.

– Då skal den rett i posisjon, fortel prosjektleiar Tor Inge Døsen frå Os kommune.

Nokre kjettingar ligg allereie klare. Over helga vil det blir førebuande arbeid.

- Den skal fortøyast i fire boltesett, festa i fjell på botnen utanfor hamna. Men den blir fortløpande forankra i atskillege fleire feste.

Nøye måling av krefter

Effekten av bølgedemparen blei, før bestilling, testa med ein modell skalert til 1:7,5, i basseng ved Cantabria Coastal and Ocean Basin (CCOB) i Santander, Spania.

Testen var vellykka, men Døsen håper på storm til vinteren.

– Vi får ikkje testa den godt nok om ikkje den får smaka på kva fjorden kan ha å by på.

Allereie då den låg til kai på Venjaneset skal det ha vore tydeleg at den hadde effekt.

– Korleis skal effekten målast og evaluerast?

– Når det står på som verst så vil vi jo ta på oss oljehyra og gå ut og sjå, men vi vil basera det også på andre faktorar enn augesyn.

På forankringa skal det festast avansert måleutstyr som sender data til land.

– Her får vi blant anna svar på kor stor kraft som virker på kvart enkelte feste. Det er ikkje berre viktig at den dempar bølgene, men at den ikkje lausnar. Denne første blir forankra med det fagfolka vil seia er svært god margin, så får vi sjå om det blir tilsvarande, eller noko lettare, på dei neste.