Sport | 13. mars 2018

Kan ta Fana til eliten

Osingen Erlend Lyssand kan onsdag bli historisk om Fana slår Viking TIF og rykker opp til eliteserien.

Kan ta Fana til eliten
Erlend Lyssand kan onsdag ta Fana-damene til eliteserien i håndball (Foto: Roy Ellingsen, Fanaposten)
Andris Hamretirsdag 13. mars 2018 11:41

Det er duka for eit lokaloppgjer av dei sjeldne når handballdamene til Fana i morgon tek imot Viking TIF heime i Slåtthaughallen. Settingen er klar. Vinn Fana den kampen er dei klare for eliteserien, og i spissen for det framadstormande Fana-laget står tidlegare Os-trenar Erlend Lyssand.

– Det svinger litt. Dei har vore rolege til no, men det er klart eg kjenner litt på at i morgon kan vi vera i eliteserien, svarer Lyssand når Midtsiden spør om han har nervene under kontroll.

– Det er viktig å ikkje kjenne for mykje på det, men samstundes kjenne litt etter slik at ein kan bruke det til å nyte augneblinken.

Imponerande siger

Med tre kampar att ligg Fana på 2. plass med 33 poeng, fem poeng framfor Rælingen og to poeng bak Skrim Kongsberg, som har spilt ein kamp meir. I helga slo dei Aker Topphåndball 31-18.

– Vi har eit veldig ungt lag, kanskje det yngste i 1. divisjon. Det jentene viste i helga mot Aker er rett og slett imponerande. Vi vinn med 13 mål mot eit lag som berre har tapt ein kamp etter jul og som verkeleg har vore formlaget i vinter.

– No blir det spennande å sjå om vi klarer å vera like fokuserte på arbeidsoppgåvene i ein full Slåtthaughall og med eit lokaloppgjer, kor Viking ikkje har anna å spele for enn å ta oss. Det er noko eige med slike lokaloppgjer, konstanterer Lyssand.

Suksessfaktor; trene mykje og samarbeid

På spørsmål om kva som gjer at dei har lukkast er osingen klar.

– Vi har det gøy og trener enormt mykje. Eg har fått inn ein eigen fysisk trenar i teamet rundt laget, så no har vi stort sett to økter for dagen.

– Ei fysisk økt på morgonen med fysikk, styrke, bevegeligheit og basistrening. Det var noko vi starta med for to og eit halvt år sidan, og no ser vi resultatet. Slike ting tek tid, men no ser spelarene at det er det som skal til. Det gjer òg at vi nesten ikkje har hatt skadar.

– I tillegg trener vi ei ettermiddagsøkt kvar dag med ball i hall. Ein annan suksessfaktor har vore at vi på to av balløktene har trent saman med Tertnes Elite.

– Korleis blir det no, når de kan bli konkurrentar i eliteserien?

– Eg trur det er lurt å helde fram med samarbeidet, både med Tertnes Elite og dei andre klubbane rundt oss. Vi kjem sjølvsagt til å vera konkurrentar i dei to ganger seksti minutta vi møtast i kamp, men for å utvikla handballen i Bergensregionen trur eg vi har meir å tene på å samarbeide. Neste år kan det jo vera to lag i eliten og to lag i 1. divisjon (Gneist speler kvalifisering frå Os si pulje i 2. divisjon, journ.mrk), seier Lyssand som har trenarjobben ved sidan av 100%-stilling i annan jobb.

Starta med osingane

Lyssand meiner at Fana sin ferd mot toppen verkeleg skaut fart då osingar som Emilie og Elisa Christensen, Eva Kristiansen og Kristine Henriksen Håland kom inn i klubben.

– Eg sa det faktisk før i dag. Heile Fana-kulturen på håndballsida starta med osingane. Fana hadde ikkje klart dette utan naboklubbane.

– Men det må jo vera noko meir med Fana, som i tillegg til no å kunne rykka opp i eliteserien, nyleg leverte tre olympiske meistrar på skøyter?

– Ja, eg har aldri vore i ein klubb kor ein sveiser så mykje samen på tvers av idrettane. Det er ikkje lov å ikkje stille på trenerforum kor ein hjelper kvarandre og legg planar til det beste for utøvarane. Sjølv om idrettane styrer seg sjølv, så er det ingen øyer i klubben. Klubben krev litt tilbake også. Nettopp det er ein modell som har imponert meg, seier Lyssand som i løpet av tida i Fana har tatt trenar 4-utdanninga, den høgste, i Noregs håndballforbund.

– Det var ei veldig god utdanning som mitt kull fekk tatt komprimert over to år. Erfaringane eg hadde med meg både frå Os og Fana var nyttige i den samanhengen.

Tre matchballar

Kampen går klokka 18.00 i Slåtthaughallen onsdag. Om Lyssand ikkje klarer å leie Fana-jentene til siger i den kampen har dei to matchballar til. Borte mot Charlottenlund SK 8. april og heime i toppoppgjeret mot Skrim Kongsberg 15. april.

– Vi håper sjølvsagt å avgjera det allereie i morgon, slik at heimekampen mot Skrim kan bli kampen om å bli seriemeister. Det er alltid viktig å jaga noko, avslutter Erlend Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.