Lokal | 09. feb. 2010

- Kan vera osing

Politiet er på jakt etter informasjon om mann i raud jakke som gjekk frå Svegatjørn til Uno X sundag kveld.

- Kan vera osing
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. feb. 2010 12:21

Fleire spor og vitneobservasjonar har kome inn etter det væpna ranet av Uno X sundag kveld.

- Ranaren har truleg kome til og frå stasjonen via undergangen under rundkjøringa mellom Byvegen og Industrivegen. Vi har også observasjonar som gjer at vi er interessert i tips om rørsle mellom rundkjøringa ved Svegatjørn og stasjonen, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kan vera osing
Ranskvelden sa politiet at dei ser etter ein mann som er rundt 170 cm høg, tynn, mellom 25 og 30 år og lys i huden. Mannen gjekk med svarte klede og finnlandshette då han rana stasjonen.

- Kva dialekt snakka han?

- Osamål eller bergensk, kanskje meir osamål enn bergensk, slik vi har forstått det.

Interessert i fleire tips
Sperrevik seier ranaren kan ha skifta klede på veg til og frå åstaden, og at han kan ha gått i ein raud tøyjakke.

- Vi brukar mykje ressursar på denne saka, og takka vera fleire observasjonar får vi fleire brikker på plass. Men vi set stor pris på alt av informasjon forbipasserande eller andre kan ha, anten for å stadfesta det vi til no har høyrt, eller for ny informasjon.

Om du har tips i saka kan du kontakta Os lensmannskontor på 56303900/48002480

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.