Sport | 01. aug. 2013

Kanestrøm til 2. divisjon

Toppskåraren speler sin siste kamp for Os måndag. – Erik er unik. Eg er veldig glad, og samtidig takksam for at Os let han gå, seier David Nielsen.

Erk Kanestrøm speler måndag sin siste kamp for Os, heime på Kuventræ mot Fyllingsdalen 2. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. aug. 2013 20:22

For ei veke sidan fortalte toppskårar i 3. divisjon i Hordaland, Os-spelar Erik Kanestrøm (21), at han i sommar har trent med Fyllingsdalen, men at han ville bli i Os ut sesongen før han eventuelt skifta klubb.

No har eit anna 2. divisjonslag slått klørne i den raske venstrevingen til Os.

– Vi hentar ikkje spelarar som vi ikkje vil bruka med éin gong, seier Nest-Sotra-trenar David Nielsen.

Nest-Sotra ligg i skrivande stund på 2. plass på tabellen i 2. divisjon, 4 poeng bak Vardeneset. Klubben har mål om opprykk til Adeccoligaen innan 2015.

– Kanestrøm har høg fart og ein stor arbeidsradius, samtidig som han skårer mange mål, og det er ganske unikt.

Frå Nielsen til Nielsen

Tysdag var Erik og trente på Ågotnes.

– Vi kjenner godt til han frå før og trengte ikkje ha han lenge på trening før vi såg at han er god.

– At han i tillegg har ein god venstrefot er ikkje eit minus. Vi kjem til å bruka Erik på venstre kant, sånn Os har gjort.

– Det er trist å mista Erik, både som person og spelar. Men vi forstår at gode spelarar slår til når det byr seg gode sjansar, og ønskjer han lykke til, seier Os-trenar Tore Nielsen.

– Så får vi heller berre prøva å utvikla ein ny Erik, og så kan vi kanskje koma tilbake med ei satsing som gjer at vi kan bli attraktive for Kanestrøm og andre osingar på høgare nivå i seinare rundar.

Etternamnebroren David er takksam for at Os let Erik gå.

– Dette er ei tøff avgjerd for spelar og klubb, men Erik ser ut til å vera målbevisst og seriøs, og det å ta avgjerder er også ein del av det å vera fotballspelar, seier Nest-Sotra-trenaren.

– Nest passar meg best

Erik, som til hausten startar siste året på marknadsføringsstudie på BI, seier han fekk eit godt inntrykk av Nest-Sotra og David Nielsen.

– I tillegg passar treningstidene deira meg bedre enn Fyllingsdalen sine. Eg kjem meg litt seint av garde frå Bergen, så får det heller våga seg at turen heim til Os frå Sotra blir sein og lang.

Å gå frå Os synest han ikkje er lett.

– Vi har eit utruleg bra miljø i laget, og i Os Turn, og det har vi hatt sidan eg gjekk til Os frå Søre Neset som førsteårs gutespelar, seier han.

– Eg vil takka for tida mi i Os og så håper eg på ein fin siste kamp heime på Kuventræ mot Fyllingsdalen 2 måndag kveld.

Os - Fyllingsdalen 2 startar klokka 19 måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.