– Kanongøy!

Slik oppsummerer gitartalentet Hans-Marius Johnsen plateinnspeling, konkurransen om å få spela med Joe Bonamassa og konsertar på Madam Felle og Osøren.

Hans-Marius nyt finvêret på gjestebygga og gler seg til å spela på scenen ved Peppes under Osøren Blues og Jazzfestival (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 02. juni 2013 10:39

Hans-Marius Johnsen kom som ein vind inn i bluesmiljøet i fjor sommar, då han som 15-åring stilte på jam-øktene under Osøren Jazz og Bluesfestival.

På hausten fekk han, under ein konsert på Peppes, eit stipend på 10 000 kroner frå festivalen. Under årets Osøren blir han å sjå på scenen fleire gongar.

Debuterer med EP

No er ungguten klar med sin første EP, spelt inn hos Orbo i Hordaland Studio.

– Det var utruleg lærerikt og kanongøy! seier Hans-Marius, som har rekt å fylla 16 før EP-en kom ut.

På skiva er det éi eigenskriven låt, Stille Kyst, og tre cover-låtar kor éi av dei er av Hans-Marius sitt store gitarforbilde; Joe Bonamassa.

– Produksjonen har eg kosta sjølv. Eg kjem til å selja EP-en under festivalen og på butikken i Øyane, reklamerer Hans-Marius.

Tok av på Madam Felle

Sist laurdag opptrådde det unge gitartalentet saman med Dag Bergesen og band på Madam Felle.

– Det tok heilt av! Folk skulle klemma og prata, eg kom meg nesten ikkje ut derfrå då eg var ferdig.

– Til og med autograf måtte eg skriva, smiler ungguten.

– Korleis fekk du den spelejobben?

– Eg møtte Dag på ein jule-jam i byen. For om lag ein månad sidan tok eg kontakt med han og lurte på om det var ein spelejobb eg kunne få vera med han på.

– Slik blei det til at vi spelte saman på Madam Felle. Vi hadde ikkje øvd noko på førehand, så det blei spontan-blues heile vegen.

Lover kanonshow

Planlagt har han derimot gjort før konsertane under Osøren.

– I tillegg til å vera med på jammane, skal eg ha ein konsert med eige band og ein konsert saman med Magnus Berg frå austlandet.

– Til solo-konserten har eg fått god hjelp av Ove Gaasand til å finna veldig gode musikarar, så det blir kanongøy. Eg gler meg enormt.

– Folk kan venta seg meir rocka blues, med raskare soloar og meir show enn dei kanskje forbinder med blues.

– Då eg byrja å spela gitar starta eg med å spela Iron Maiden, etterkvart blei det Pink Floyd. Det er nok bluesen min påverka av, forklarar gitaristen.

Kjempar om å få spela med idolet

Joe Bonamassa er Hans-Marius sitt store gitar-forbilde.

– Ein dag eg sat og surfa på YouTube oppdaga eg ein konkurranse der premien er "meet & greet" med Joe Bonamassa. I tillegg kan det vera at vinnaren får lov til å spela med han.

– Det hadde vore så utruleg kult, så eg måtte jo berre delta, sjølv om eg meiner ein ikkje kan konkurrera i musikk.

– Eg spelte difor inn ein video, kor eg speler ei av låtane hans. Er eg ein av dei to som får flest views på videoen, så får eg møta han.

Vil du hjelpa ungguten me då oppnå draumen, så finn du videoen her.

Nett no ligg han på sjetteplass i konkurransen, som blir avslutta 5. juli.

Drøymer om USA

Etter responsen på Madam Felle fekk 16-åringen frå Os spørsmål om draumane sine.

– Eigentleg har eg lyst til å gje opp skulen og reise til USA, men eg har kome fram til at det er mest fornuftig å gjera meg ferdig med elektrikar-utdanninga.

– Planen no er å spara mest mogleg av lærling-løna, slik at eg kan reise til Musicians Institute i Hollywood om tre-fire år og læra meir.

– Der ligg det nok og godt tilrette for å knytta kontaktar.

– Håpet er sjølvsagt å kunne leva av musikken, avsluttar det unge gitar-talentet med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.