Kåra beste russebil i Os

Bildeserie: Desse tre fekk premie i Midtsiden si kåring av beste russebil i 2018.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kvart år, med ulike jurymedlemmar, har Midtsiden kåra årets beste russebil i Os.

• Sjå video og bildeserie: Beste russebil i 2017

Nokre år har kåringa blitt tatt i starten på russetida, andre gongar har bilane måtta overlevd landstreffet i Kongeparken før dei har stilt til mønstring for redaksjonen.

Årets jury

Jeanett Borgen Kallekleiv: Russ 2011, medlem av bilen «Useless» (nådde ikkje opp i kåringa i 2011), i dag eigar og drivar av motebutikken Borg Vêr.

John Ole Johannessen: Russ 2009, medlem av beste russebil 2009 «Vetta Faen», kåra av kultursjef Lisbeth Axelsen. Er trenar for dei beste ungdomane i Os Fotball og spelar for Søfteland. Blei headhunta til juryen midt i eit malaroppdrag på Kuventræ.

Mats Cato Moldskred: Russ 2005. Hugsar ikkje kva russebilen heitte, men at han spelte kamp for Fana i staden for å reisa til Kongeparken. Er tilbake frå Kongsvinger og 1. divisjon for å spela moderklubben Os oppover i divisjonane, noko han til no ser ut til å vera i rute med. Jobbar òg for Sport Norge.

Kva er ein god russebil?

Utan ambisjonar om å vurdera eller samanlikna teknisk stand, diskuterte juryen seg fram til kva kriterium bilane skulle vurderast etter.

Eksteriør og interiør: Utvendig skal det vera tydeleg at dette er ein russebil, frå alle sider av bilen, gjerne med nokre fine, morosame eller kule teikningar - og helst med mange sponsorar. Innvendig er det eit pluss med god sitjegruppe, ikkje som i ein vanleg buss, men ansikt til ansikt i eit miljø som gir lyst til å festa!

Lys, lyd og eventuelle spesiealeffektar: God lyd, høg lyd, gjerne høg nok til å flytta festen utanfor bilen, er bra. Lys, røykmaskin og kjøleskap er blant effektar som kan dra opp karakteren.

Namn og opplegg (i Bærum og på Paradis kalla «konsept»): Eit morosamt namn drar opp, og juryen var open for å få namnet forklart. Det er trass alt 7 år sidan yngste jurymedlem var russ. Innreiing, gensarar og andre klesplagg i same stil drar opp.

Dei beste russebilane

God lyd og høg nok lyd gjekk igjen hos dei fleste, det same gjorde gjennomføring av opplevegget, med matchande tskjorter, gensarar og andre plagg. Dei fleste bilane hadde òg gode sitjegrupper, ein av dei største (Alan) hadde vanlege busseter, men kompenserte med ein god salong bak.

8 russebilar møtte fram til kåring. Nokre var raude, nokre var blå, andre var både svart, lilla og oransje (som Kylling-russ, som tidlegare var eit 9. klassefenomen).

Etter å ha gått runden hadde juryen funne 4-5 favorittar. Diskusjonen gjekk om kor greit det var å mala bilen oransje, eller det å ha svart russ når det var ingen mekanikarar om bord. Lilla blei akseptert, då det er resultatet om du blandar blå og raud.

Det blei gjeve tre premiar, gåverkort på 1000 kroner til beste bil, gåverkort på 500 kroner kvar til to andre som utmerkte seg.

Beste russbil i Os i 2018: Spotlight!

Dei to andre som fekk premie var Mellow og The Hatters.

Dei det kanskje var mest vanskeleg å ikkje gje premie til var Utopia og Alan.

Juryen sine notatar - bil for bil

Alan: Kult namn, Alan Garner frå Hangover-filmane er tjukk og morosam, og Hangover handlar om venskap, om «ulveflokken». Stor bil med både sete i bussretning og ein god salong bak.

Spotlight: Gjennomført god, super sitjegruppe, skil seg ut med ein godkjent lillafarge - bra gjennomført i logo og antrekk, og greit med sponsorar.

Provider: Ein gutebil med tema om å «kunna skaffa det meste». Mafiaboss Pablo Escobar er tema og leigemordar La Quica er maskot.

Mellow: Ein chill gjeng med ein kul logo. Juryen hadde problem med å innhalera bruk av svart bil, sjølv om gutane på bilen forklarte at den fekk logoen betre fram. Heftig lyd, bra lysanlegg og eigen røykmaskin gjorde at også denne måtte få premie.

Bad Hatters: Kvinneleg jurymedlem falt for tema frå Alice in Wonderland og delte ut premie også til denne vesle, blå jentebilen. Stilig logo og gjennomført tema hos dei uskikkelege hattemakarane, som i tillegg har fått inn 9 sponsorar (flest av alle?).

Utopia: Bil med 9 sete og 6 jenter. Ståhøgde under taket og plass til gjestar drar opp, det same gjer 6 sponsorar, men ikkje nok. Utvendig ser bilen tom og uferdig ut.

Flower Power: Har dekorert med blomstrar innvendig, utan at det drar opp partyfaktoren. Jentene om bord kjøpte bilen veka før russeferinga starta, bra dei kasta seg på det i siste sving!

Intoxicated: Grei bil, sexy klistremerke og passande namn.

Fleire saker

  • Fekk mykje å jubla over

    22. juli 2018

    Lysekloster starta svakt mot Stord, men så slo den etterkvart berømte ketsjupeffekten inn.

  • Gøymde seg på taket

    22. juli 2018

    Oppdatert: To menn i 20-åra tok seg opp på taket på Hamnechefen. Den eine prøvde å gøyma seg for politiet då dei kom. Eigaren fann narkotika.

  • Tre har mista lappen på kort tid

    22. juli 2018

    Torsdag tok politiet for tredje gang på kort tid beslag i eit førarkort ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra.

  • Tok skilta til gjengangar

    21. juli 2018

    Politiet klipte skilta på ein bil i Hegglandsdalen laurdag då føraren fleire ganger hadde køyrd utan lov.

  • Her blir podtellet levert

    21. juli 2018

    Bildeserie: No kan du overnatte i hamna uten å bli sjøsjuk av bølgene. – Eg reknar med at vi opnar måndag, seier Hans Parnefält.

  • Villaksen har «stempla inn» i fjorden

    21. juli 2018

    Lyttebøyar i fjorden avslører smolten frå Oselvo si vandring. 

  • Tørke, mattryggleik og jordvern

    21. juli 2018

    Lesarinnlegg: Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår, skriv Gisle Hesjedal.

  • – Blei dårleg då eg såg det

    20. juli 2018

    Kommunen ber foreldre og "nabokjerringa" halde auge med og sjekke leikeplassen før dei sender ungane dit.