Lokal | 10. feb. 2020

Kåra til årets medarbeidar - sluttar i jobben

Andrius Haukeland vart kåra til årets medarbeidar i Fargerike-kjeda.

Kåra til årets medarbeidar - sluttar i jobben
Andrius Haukeland på scenen under årets prisutdeling. (Foto: Fargerike)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 10. feb. 2020 20:46

Andrius Haukeland (26) har jobba på Fargerike i Os sentrum i 10 år. Kombinert med blant anna studier så har dei fleste åra vore som deltidstilsett, men han har òg hatt eit år der han har jobba fast. I helga vann Haukeland pris for årets medarbeidar innan Fargerike-kjeda.

– Andrius er rett og slett ein fantastisk god medarbeidar, faktisk Noregs beste Fargerike-medarbeidar. Det er berre positive ting å seia om den guten, frå menneskebehandling til sal, seier Børge Solberg om prisvinnaren som han sjølv var med å nominera.

Prisvinnaren er glad for den gjeve prisen, men fikk ikkje heilt med seg kvifor han vann.

– Det er jo litt morosamt, men kona mi er veldig glad i Skal vi danse på TV2, og rett før dei las opp vinnarane så dansa Aleksander Hetland og Nadya Khamitskaya eit nummer på scenen, og eg måtte sjølvsagt filma dette for å senda heim. Då fekk eg rett og slett ikkje med meg kva som vart sagt før dei las opp namnet mitt, flirar Haukeland.

– Men eg fikk jo med meg at dei synest at eg har stått på, alltid gjort mitt beste og jobba godt i alle åra eg har vore her.

Andrius Haukeland her i butikken på Os. (Foto: ØH)
Andrius Haukeland her i butikken på Os. (Foto: ØH)

– Blir trist å slutta

Som nemnt har Haukeland kombinert jobbing med studie, og no er han ferdig utdanna og klar for ny jobb.

– Det vert veldig trist å slutta her. Eg har utdanna meg på Universitetet i Bergen innan IT, der har eg studert informasjonsvitenskap, og eg har allereie signert for ny jobb i august for eit firma som heiter Experis.

– Eg kjem til å sakna å jobba innan dette faget. Det har vore spennande å læra om fargar og interiør, og å kunna hjelpa kundar til å ta gode val for heimane sine.

Men sjølv om han skal over i ny jobb, seier han ikkje farvel for godt til Fargerike-gjengen på Os.

– Hvis saknet blir for stort så tenkjer eg at vegen tilbake til Fargerike og desse flotte folka på Os ikkje er lang, avsluttar Haukeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.