Kultur | 13. aug. 2018

Kåra til Os' beste pokerspelar

– Det er nok mange flinke som ikkje deltok, men det var gøy å vinna, seier Kay Even Hægland.

Kåra til Os' beste pokerspelar
Kay Even Hægland hadde to kløver. Så kom fire i bordet og han stakk av med sigeren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. aug. 2018 07:41

I førre veke kom «kommunepoker» til Os, ein lokal onlinekonkurranse som Coolbet.com har køyrd frå kommune til kommune sidan mars.

– Normalt har vi 10-20 deltakarar per kommune, i alt er vi oppe i over 1300 til no, så vi er veldig nøgde, sa Mikael Mellquist frå Coolbet til Midtsiden i førre veke.

I Os var det endå fleire, til saman 29 deltok i kampen om tittelen og plassen i fylkesfinalen, trass i at spelet var utsett frå torsdag til fredag, midt i Osfest.

Vinnaren blei Kay Even Hægland frå Os.

Fekk fire kløver i bordet

– Vi var spreidd på 4-5 bord i starten, så endte vi med eit lokalt finalebord. Det var i grunnen ganske fort gjort, spelet tok rundt tre timar, fortel Kay Even.

Han sat med to kløver på den siste handa, og det var all inn før korta kom i bordet. Alle fire i bordet var kløver.

Om du kan poker-språket så kan du lesa Hægland si skildring av spelet på kommunepoker.com.

– Det var gøy å vinna og eg gler meg til fylkesfinalen! Men det er nok mange andre flinke pokerspelarar i Os, så tittelen som Os-meister tar eg med ei klype salt.

NM-erfaring

Os-meisteren fortel at han har spelt poker online i rundt fem år, og deltatt i NM tre gongar, to innanlands og éin gong når det har vore arrangert i utlandet.

I november i fjor blei det 12. plass. Då sat han òg igjen med litt gevinst.

Kay Even er òg ein erfaren sjakkspelar. Han var med og stifta Os Sjakklubb, og han var den einaste Dmytro Ostanin ikkje klarte å slå då han spelte simultansjakk mot 15 motstandarar på Amfisenteret i fjor.

– Har sjakk og poker noko til felles?

– Ja, dei har kanskje det. Dette med å ha ein generell strategi, og det å i løpet av spelet prøva å forstå motstandaren din, er ganske likt.

Går for ny finalesiger

Hægland fekk, i tillegg til vinnarpotten, ein diplom og den gjeve tittelen. I tillegg er kvar kommunemeister kvalifisert til online fylkesfinale 30. september.

Vinnarane av fylkesmeistertittelen får pokal og premie verdt 12.000 kroner, i tillegg til vinnarpotten. Fylkesvinnarane er dessutan kvalifisert til noregsfinale i Tallin i oktober med endå høgare premie. Denne er ikkje online, men blir spelt live rundt pokerbordet.

– Eg er veldig spent på fylkesfinalen, og eg har veldig lyst å vinna. Det hadde vore stort å få spela noregsfinale live i Tallin! seier den ferske Os-meisteren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.