Årets russebil i Os 2017

Kåring av beste russebil 2017

Tre russebilar vann premie då Midtsiden gjennomførte den årlege kåringa av beste russebil i Os.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ørjan Håland

Torsdag for ei veke sidan starta russetida, i dag sjekka vi russebilane i Os og i morgon går turen til landstreffet i Stavanger.

• Les òg: – Ein god plass å starta dagen

Midtsiden fekk med seg tidlegare russepresident Ronja Skaathun og tidlegare «prest» for sitt russekull, Baste Træen, som jury til årets kåring - Ronja for andre gong, Baste som debutant.

– Vi ser etter bilen med god sitjegruppe, gjennomført interiør, praktiske detaljar og god lyd.

Gambler låg godt an, men sitjegruppene og stor eigeninnsats blei avgjerande då juryen kåra vinnaren.

Beste russebil i Os i 2017: Showtime

I tillegg til hovudpremien blei det delt ut to andre premiar.

Beste lyd: Tempelet

Beste namn: Bobdahl

Normalt har vi hatt 10-14 bilar, nokre år med unntak av éin, til test. I år var det éin som fekk problem med brann i eit batteri på veg til testen, og andre som ikkje klarte å stilla. Berre 5-6 bilar var med i konkurransen.