Team Karoline hevda seg i vestlandsmeisterkapen på Eikås i helga. Det vart siger til Karoline og ein femteplass til bestemor, Randi Karin. (Foto: Team Karoline)

Karoline best på Eikås

Rallycross: Karoline vann på Eikås - bestemor Randi Karin på femteplass.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Karoline Breivik og Randi Karin Breivik køyrde tredje runde i vestlandsmeisterskapen i rallycross i helga.

I ei pressemelding fortel Team Karoline at Karoline valde å prioriterta vestlandsmeisterskapen framfor NM denne helga, og difor fekk også Randi Karin køyra.

Rått alternativspor

Etter seks innleiande omgangar hadde Karoline fire heatsigrar, éin andre- og éin tredjeplass, og låg med dette på andreplass i klassen.

Ho kom ut som nummer tre i finalen, køyrde seg vidare opp til andreplass etter ein runde, og etter et rått alternativspor køyrde ho seg opp i tet i nest siste runde.

Denne plasseringa heldt ho til mål.

Siger nummer to - leiar no VM

Dette er den andre sigeren på rad for Karoline;  ho vann òg i Egersund i forrige runde. Med tredjeplass i første runde i Vikedal, leier ho no vestlandsmeisterskapen etter tre av seks løp.

Karoline har òg køyrt to NM-rundar, ein på Konsmo og ein på Melhus.

Frå fusk til skeiv bærearm

Randi Karin hadde problem med bilen grunna fusk på laurdagen, men på søndag virka bilen topp. 

Etter innleiande omgangar hadde ho andre og tredje tid i klassen, noko som gav ein fjerdeplass før finalen.

I finalen var Randi Karin uheldig og fekk slått skeiv ein bærearm på bilen. Det vart til slutt ein femteplass, men med dei gode innleiande omgangane, fekk ho ein god følelse med fart og bil, og seier seg nøgd med helga,

Randi Karin ligg no som nummer tre i vestlandsmeisterskapen.

Det er no pause i VM til midten av august. Neste løp for Karoline blir NM på Grenland, så skal både Karoline og Randi Karin køyra vidare i VM etter det. Karoline planlegg òg å køyra dei resterande NM-løpa.

Fleire saker